Teamet smiler til kamera

Ny start på SETELA

Med nytt kull, ny administrasjonsleiar og offentleg høgskulegodkjenning i emning er det mykje nytt på SETELA. Det kjem studentane til gode.

Om ei veke byrjar eit nytt kull på SETELA. Nokre skal gå den pastorale linja, nokre skal gå rein teologi og nokre skal studere i eitt år. I år er det 17 studentar som byrjar, 12 gutar og 5 jenter. Det er likevel ikkje berre studentane som er nye, i år er det òg ny administrasjonsleiar på SETELA.

 

Ny etappe

Anita Guevara har jobba for NLM Peru i 30 år, i mange av dei som administrasjonsleiar, og har no byrja på SETELA. Ho seier sjølv at det er ei ny utfordring å jobbe på SETELA og ei ny etappe i livet. Men at ho ser på det som ei signing og er sikker på at Gud vil at ho skal vere her.

 

Offentleg godkjenning

Medan Anita held på å ordne dei siste tinga før studentane kjem, får me tatt ein prat med rektor Felix Vargas. For det er ikkje berre praktiske ting som held på å ordnast no, SETELA held no på å ferdigstille søknaden om å bli offentleg godkjent høgskule.

Felix fortel at for tre veker kom dei siste dokumenta som dei hadde venta på. Dette gjer dei siste dokumenta blir no ferdigstilt slik at søknaden kan leverast inn i slutten av mars. Deretter tek det 90 dagar før myndigheita svarer. SETELA har det som trengs for å skulle få godkjenninga; struktur, økonomi, planar, plass til arbeidarar mm. Administrasjonsleiar Anita seier at det me no kan gjere er å be for prosessen.

 

Viktig for studentane

– Men kva vil eigentleg ein slik høgskulegodkjenning bety?

Felix forklarer at for SETELA så betyr det at ein må følge retningslinjer frå staten og at myndigheitene kan komme og sjekke opp i om skulen blir driven rett. Det blir òg sjølvsagt ein del meir papirarbeid. Ein annan ting er at alle lærarane som skal undervise må ha titlar som er godkjente av den peruanske stat.

– For studentane så betyr dette mykje! Dette gjer at dei vil kunne få titlar som er godkjente av den peruanske stat. Dei kan òg då studere vidare på andre universitet etter å ha studert på SETELA.

 

Ser framover

– Kva forventningar har du for tida framover?

– Eg har tre forventningar for tida som kjem. At studentane kan få sjå og oppleve at SETELA former dei som kristne. At SETELA blir ein anerkjent høgskule over heile landet og at me får fortsette å jobbe med dei andre lutherske kyrkjene i Sør-Amerika. SETELA kjem til, ved Guds hjelp, å bli ein anerkjent høgskule avsluttar Felix.

 

På biletet ser du dei som jobbar fram mot ein ny høgskule; F.v: Marianne Thormodsæter, Anita Guevara, Oscar Bellido, Jorge Chavez, Nancy Aroquipa, Tomas Gutiérrez, Felix Vargas, Tore Bjørsvik og Atle Ølstørn.

Portrett Marianne Thormodsæter

Marianne Thormodsæter Lindtjørn

Stedlig representant