Tett trafikk i Nairobi

Trust in God i trafikken

Når bussen så vidt heng saman, kan det hende passasjerane set ekstra pris på at bakruta proklamerer Trust in God.

I Nairobi, hovudstaden i Kenya, er trafikk og trafikktryggleik noko for seg sjølv. Som bleik nordmann er det ein liten bøyg å koma over før ein blir vand med fylgjande: Skal eg inn på trafikkerte vegar, nyttar det ikkje å venta på ei ledig luke. Den kjem truleg ikkje. Her må ein pressa seg fram og håpa på det beste.

Og veldig ofte går det jo bra! Dette, saman med venstrekøyring, motorsyklar som brukar bilar som slalomkjegler og forbikøyringar i mengd som aldri hadde sett dagslys i Noreg, gjer at ein biltur ikkje er noko eg ser på som ein kjekk og avslappande aktivitet.

Ei kulturell og eksotisk oppleving; ja, så absolutt. Men eg vel ikkje å ta bilturen som rekreasjon.

 

Fulldekorerte

I byen me bur i, opplever me støtt og stadig bilar og andre framkomstmiddel som er pryda med slagord og bibelvers frå øvst til nederst.

Sist veke var eg og den eine sonen ein kjapp biltur til butikken. Me hamna bak ein matatu (=offentleg transport).

Bussen hadde truleg ikkje kome så langt som til EU-kontrollen før han hadde vorte stoppa dersom den hadde køyrd i Noreg. Men her rullar han og går dag ut og dag inn, og det fungerer oftast fint.

 

Stol på Gud, ikkje på dekka

Som vanleg gjekk trafikken som ei god intervalløkt. Dermed fekk me innimellom god tid til å studera framkomstmiddelet framføre oss.

Bakluka var prega av eit stort trykk:  "Trust in God".  Vidare var bilen sett saman av eit skrog med hjul som absolutt ikkje høyrde til.

Sjølvsagt hadde den fire ulike dekk-storleikar, og køyringa blei då deretter. Det eine bakdekket var altfor breitt og altfor stort. Dermed vart bussturen reine berg-og dalbanen for dei som sat på.

Ein kan då skjøna kvifor både sjåfør og andre har behov for å Trust in God (stola på Gud). Ein kan i alle fall ikkje stola på bilen, og heller ikkje trafikken og kanskje ikkje forsikringsselskapet.

 

Daglege små påminningar

I Noreg er det slik at me trur me ikkje treng Gud for ein liten biltur. Her i Kenya er mange bilturar ein påminning om at livet er skjørt og kjært. Og då må ein stola på Gud. Stola på at han vil vera med på  korte og lengre turar.

Me set pris på desse påminningane me får frå bilar og bussar i trafikken. Stol på Gud i smått og stort, i det trygge og det risikofylte. 

Margunn Lygre Strømme

Utsending