Vi er snart på flyttefot, også av den grunn kan det vere like godt å få kassert noe av arkivmaterialet fyrst som sist.
I Misjonssambandet i Bolivia har vi berre ein boliviansk tilsett person, nemleg den administrative sekretæren Jackeline Huari Panama. Ho har greie på og oversikt over det meste, er utdanna advokat, noko som kjem vel med i desse tider med å få orden på formelle manglar av tidlegare overdragingar av eigedomar og køyretøy, dessutan framleis sal og/eller overdraging av eigedomar og anna.
Så når vi har høve tek ho og eg oss ein razzia innimellom. Det vi fyrst og fremst er ute etter er å ta vare på tidlegare lønnslister og lønnslippar. Tidlegare tilsette kjem i pensjonsalder etter tur, og då kan det vere greitt å kunne vise til så langt det rekk at det har vore orden på lønnsutbetalingar og andre sosiale goder.
Sjølv om kravet ikkje er å ta vare på dokument så langt tilbake i tid, så har rekneskapsføraren vår her bedd oss om å ikkje kaste dokument som er frå 2010 og yngre. Vi har hatt saker med tilsette ganske langt tilbake i tid som har meint dei har hatt noko å krevje oss for og som har hatt delvis rett.
For eit par år sidan selde vi rundt 850 kg med papir/bøker til gjenvinning. Vi nyttar oss av ein person som driv med slikt, og har klar avtale om at vedkomande ikkje skal drive å snoke i det vi leverer.
Ja det er forskjellig å rydde opp i no når vi nærmar oss «endetida» for misjonen i Bolivia, skjønt noko slutt-år er ikkje bestemt, men det er ingen grunn å vente med opprydding.