Deltakarar på UYT kurset i Sucre

Use Your Talents-kurs i Bolivia

Bruk talentane dine-kurs er i vinden for tida i Misjonssambandet og i andre organisasjonar.

Maite Celeti, Programkoordinator Use Your Talents (UYT) i Misjonssambandet, kom frå Noreg for å ha kurs i dette for oss i Bolivia, og har nett reist vidare til Peru for tilsvarande kurs der.

Maite Celeti saman med oversetjar Osmel Soliz
Privat

Cochabamba og Sucre

Dagane med Maite i Bolivia starta med eit kjapt konsentrert kveldskurs i Emanuel-forsamlinga i Cochabamba. Der var det samla ca. 20 hovudsakleg unge deltakarar. I denne kyrkjelyden er det mange talentar i sving frå før, men meir kan det verte.

Det var litt spenning på førehand om vi kom til å kunne samlast i Sucre, for vegblokkeringar i dette landet er noko vi har måtta lært oss å leve med, men heldigvis greidde leiarar i landet å løyse floken for denne gong.

Frå heile Bolivia var vi samla over 30 deltakarar på bibelskulen i Sucre på eit to-dagars kurs + lang bussing/køyring for ein god del for å kome til og frå. Ikkje alle distrikta/forsamlingane var representerte, men nokre distrikt/forsamlingar var godt representerte.

 

Nye perspektiv

Vi har dei seinare åra arbeidd mykje med berekraft i høve prosjektet PROFFASVI (Styrking av familien for eit liv utan vold) som vi hadde inntil i fjor. Bruk av talentane er ein ny måte å tenke på. Det tek utgangspunkt i bla. Matt 25,14-28 og set perspektivet på hovudet i forhold til det tradisjonelle.

Medan ein tidlegare ofte har fokusert på behov og manglar hos målgruppa, og at nokon utanifrå må kome med pengar og ekspertise for å hjelpe, fokuserast det no på dei eksisterande ressursane og talentane folk sjølve har og kva kvar enkelt kan bidra med som einskildperson og i fellesskap.

Dette er ikkje nødvendigvis berre knytt opp til tidlegare prosjekt, men er ein metode som kan nyttast med nye utfordringar, også i evangelisk kyrkjebyggande arbeid. Dette fører også til betre eigarforhold hos dei det gjeld, og berekraft i staden for å vere avhengig av instansar utanifrå.

På kurset var det siste dag idemyldring om kva ein kunne bidra med. Presenterte flippoverar vart det tekne bilete av, noko som kan vere nyttig for oppfølging seinare.

Gruppearbeid, Potosigruppa.
Privat

Takksame deltakare

Maite Celeti er frå Brasil, så no var det oversetjing frå portugisisk eller engelsk til spansk som gjaldt. Sidan underteikna også har erfaring frå portugisisk-talande land, prøvde eg meg som oversetjar frå portugisisk til spansk, men vart raskt erstatta av ein av pastorane som har studert nettopp i Brasil og kunne dette mykje betre.

Forsamlinga meinte nemleg at det var betre at Maite snakka på portugisisk enn engelsk, sidan dei då kunne forstå ein del, sjølv om oversetjing til spansk likevel trongst.

Vi takkar Maite for vitjinga, så har vi noko å følgje opp. Det vart frå ICEL (Den kristne evangeliske lutherske kyrkja) her i Bolivia uttrykt takksemd for kurset, og at takksemda måtte overbringast til misjonen.

Det var også oppmuntrande at både hovudstyreformann og generalsekretær i ICEL var til stades og deltok på kurset. Generalsekretæren har for øvrig vore sentral i organiseringa.   

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending