Alle samlet til måltid ute

Ferieplassen i Bolivia er historie

Det er ei tid for alt, og misjonen sin ferieplass i Bolivia er ikkje lenger naudsynt. No er eigedomen overført til kyrkja.

I misjonen har vi sidan 2018 forsøkt å selje ferieplassen på Apote i Cochabamba i Bolivia utan å ha fått seriøse (skriftlege) kjøpstilbod. Mange har snakka om kjøp og vore og sett på den 10 mål store eigedomen, men ikkje meir.

Kontoreigedomen i Cochabamba, derimot, lovde misjonen å donere til den nasjonale kyrkja ICEL under føresetnad av tilfredsstillande marknadsanalyse av prosjekt dei hadde arbeidd med, dvs. utvikling av eigedomen med tanke på eige behov og inntekt for kyrkja.

Marknadsanalysa var ikkje så positiv, og det vart starta å tenke på justeringar. Dette kombinert med det trege salet av ferieplassen førte til at misjonen i starten av i år tok ei runde til på saka og tilbaud ICEL å velje mellom dei to eigedomane, men ikkje å få begge.

Forventa salspris på kontoreigedomen ville verte ca. den same som ferieplassen og sannsynlegvis enklare å selje nær sentrum av Cochabamba. ICEL valde ikkje uventa ferieplassen.    

Signering
Signering:Malvin Ommedal, leiar for Misjonssambandet i Bolivia, signerte papira for å overføre eigedomen til kyrkja. Jackeline Huari Panama

Overrekking av ferieplassen

No 30. juni var dagen komen for overføring av ferieplassen til ICEL. Kontorpersonalet til begge organisasjonane tok ein tur til ferieplassen for å markere dette, saman med vaktmeister som har tenestegjort på ferieplassen i over 20 år. Dette var siste dagen som tilsett hos oss.

I takksemd til vaktmeister og familie markerte vi dette saman med ein liten grillfest, diverse godord til vaktmeisteren for lang og tru teneste og overrekking av ein plakett.

Vaktmester med plakett sammen med Malvin Ommedal og Misjonssambandets sekretær Jackeline Huari Panama.
Takk:Juan Condori Lima blei høveleg takka og gjort stas på etter meir enn 20 års teneste som vaktmeister. Ayda Gallardo Vargas

Samtidig var det underskriving av dokument mellom Victor Ivan Figueroa, som ICEL sin generalsekretær, og underteikna. To fulle hender med nøkkelknippe vart overlevert til generalsekretæren.

Vi må be om at ICEL må vere i stand til å forvalte eigedomen til vidare velsigning for kyrkja og i deira sitt bidrag i Guds rike sitt arbeid.

Overlevering nøkler
Hendene fulle:Det var mange nøklar som skulle overleverast til dei nye eigarane. Jackeline Huari Panama

Kva med kontoreigedomen?

Kontoreigedomen, som tidlegare var norsk skule, består eigenleg av to eigedomar som ligg ved sida av einannan. På den eine står bygningsmassa, og den andre tomta utgjer ei lita grasfotballbane som var nyttig så lenge det var norske elevar her – men det har det ikkje vore på 10 år no.

Den vesle fotballbana er allereie seld til ein god pris. Her var sal enklare, og det beste tilbodet fekk tilslaget.

Me tenkjer nok å selje resten av eigedomen også etter kvart, men etter salet av fotballbana kan me førebels vente med det og sjå korleis det best legg seg til rette på sikt.

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending