Lærarar som deltok på undervisning

Opplæring av lærarar i ICDP

Lærarar er ein god ressurs for familieprosjektet, og sikrer på mange måter bærekraft i prosjektet.

ICDP (Internasjonalt barneutviklingsprogram) er eit program som Misjonssambandet driv/finansierer i fleire land. I Bolivia brukar vi det i PROFFASVI (Styrking av familien for eit liv utan vold-prosjektet). Prosjektet er inne i sitt siste år med økonomisk støtte frå Noreg.

Spesifikt mål i ICDP er å styrke dei kjenslemessige banda mellom foreldre og barn gjennom prinsipp og verdiar som forhindrar vold.      

 

Lærarar på skulebenken

– I Bolivia er det ikkje skule for å verte foreldre, vi oppdreg barna slik vi sjølve har vortne oppdregne, fortel ein lærar.

I år er det eit sterk fokus på bærekraft. Eg var nyleg med Lourdes Vilacama Pozo i Tinguipaya i Potosi fylke. Ho hadde opplæring av lærarane inkludert rektor på  ungdoms- og vidaregåande skule.

Lærarane har godt høve til å lære elevane i klassesituasjonar og foreldre på kveldstid. ICDP-programmet omhandlar forhold mellom foreldre/føresette og barn, og ein ser situasjonar frå begge sider.

 

Eks-foreldre?

Temaet denne kvelden var foreldretyper.

– Kjenner du deg igjen i nokon av desse? Spør Lourdes foreldrene og nemner forskjellige typer. Autoritær, demokratisk, ettergjevande, negligent (forsømmeleg), beskyttande, fæle («gorillaaktig»).

Ho fortsett med spørsmåla sine, som fører til sjølvrefleksjon hos tilhøyrarane.

– Korleis er eg som far og mor? Kva kvalitetar vil de sjå i dykkar eigne barn?

Ho snakkar videre om samfunnet som foreldra kjenner så alt for godt til. ­

– Forhold går i oppløysing, og ein snakker ofte om eks-ektefelle eller eks-sambuar, men ein kan ikkje snakke om eks-barn eller eks-foreldre.

Lourdes Vilacama Pozo underviser lærarar i ICDP
Malvin Ommedal

Utfasing og lokal tilhøyrighet

Undervisarane/lærarane i prosjektet er tilsette, men prosjektet er i ein nedtrappingsfase og nokre av dei tilsette fortset på frivillig basis i etterkant saman med mange andre frivillige som forhåpentlegvis lærer vidare det dei har lært. Dette er ein av prøveklutane på berekraft.

I dei fyrste åra av prosjektet hadde vi store problem med tilsette på landsbygda som sa opp i tur og orden etter kort tid. Det er ikkje berre berre å få godt utdanna byfolk til å arbeide på landsbygda som ikkje er vande med bla. å overnatte her og der, bruke eksisterande transportmiddel, gå timesvis for å kome fram der dei skal eller ikkje kan skikkeleg det lokale språket quechua. Kontrastane er store i Bolivia.

Etter kvart fann vi Lourdes, som er ei som kjenner realiteten og veit korleis det skal taklast og er av dei stabile sidan ho vart tilsett i januar 2022.  

Lourdes sin store fordel er at ho sjølv er frå ein av landsbyane her i Tinguipaya der ho bur med familien sin og derfor kjenner strev, matskikkar, kultur, lokalt språk etc. betre enn mange andre, godt utdanna er ho og.

 

Fruktar av godt rykte

Nyleg fekk vi spørsmål frå direktøren for undervisning i kommunen om vi kunne kurse alle lærarane i kommunen i ICDP programmet?  Det vil kome eit brev, sa han.

Undervisningssystemet i kommunen er delt opp i sju sektorar tilsvarande dei sju bygdelaga i kommunen, og ideen er å samle lærarane i desse bygdelaga kvar for seg for kursing. Dette må vi snakke om internt når/viss brevet kjem, så det er litt prematurt å skrive dette, men eg tek sjansen og trur dette er ei uforutsett utfordring vi bør kunne ta på strak arm dette året.

Eg trur vi no haustar fruktene av godt rykte vi har fått i kommunen grunna stort prosjektarbeid vi hadde her frå 1989 til 2006.  

 

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending