Heimekontor Malvin

Koronafast igjen, mi eiga skuld

Det er ikkje så lurt å reise til Noreg når ein skal vere misjonær i eit anna land. Men så er det dette med familien då, til og med kona bur i Noreg.

Jula 2020

Det er 10 år sidan vi har kunna samlast alle som familie i jula med stort og smått som etter kvart har kome til, og for lenge sidan var jula 2020 sikta inn. Skulle mann/far/svigerfar/bestefar utebli? Nei det var visst ikkje akseptabelt, eg er tross alt ein del av familien. Med tur/retur billett var det å kome seg heim tidsnok for å få karantenetid før julafta. Vi har hatt ei fortreffeleg jul og vi meinar vi har forhalde oss greitt til smittevernretningslinjene og ingen har vorte sjuke. 

 

Returproblem

Men så var det dette med returen då. Smitta har auka sterkt i Europa, noko som har fått bla. Bolivia til å setje på bremsene når det gjeld innreise av europearar. Ei ny smittebølge i Bolivia er også på veg oppover og sjukehuskapasiteten held på å bryte saman, ikkje så veldig lysteleg viss ein skulle verte sjuk.  

No skulle eg i følge returbilletten vore attende i Bolivia, men no er eg i feil land etter plana. Returbilletten er utsett til seinare og kan verte justert igjen enten fram eller tilbake alt etter klarsignal frå bolivianske styresmakter. 

 

Bolivia framleis viktig

Men i desse koronatider har vi lært oss å kommunisere på nett både slik og slik. Men det erstattar no ikkje heilt det å vere der ein skal vere likevel. For framleis tenker vi det er bruk for misjonærar i Bolivia. Vi ynskjer framleis å vere med i utbreiinga av Guds Rike i Bolivia og i tenesta for vår neste der.  

«Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag» (Fil 1,6)    

Dykkar sin utsending

Malvin Ommedal

Portrettbilde

Malvin Ommedal

Utsending