Kvinner på juleverkstad med julekorger

Julekorger og Gud med oss

Her i Hongkong feirar vi jula med både julesongar, norske juletradisjonar og peparkaker. Men viktigast er bodskapen om Gud som vart menneske og kom til dei fattige og trengjande.

No sit eg på kontoret mitt ved Dronning Maud Middelskule. Klokka er kvart over sju på onsdag kveld 22. desember 2021. I kveld skal gruppa for unge vaksne, Vintreet, ha julefeiring klokka åtte.

Alle har trekt lapp med namn på, og i kveld skal me gje gåve til den me trekte. Gåva kan vera kva prisklasse ein ynskjer å gje, men det er ikkje lov å pakke inn den kaffikoppen heime som ein ikkje lengre likar. Leiaren forventar at ein har vald gåva med omhug og kvar må fortelje kvifor ein kjøpte akkurat denne gåva til mottakaren.

Dei gler seg til gåva, men gruar seg litt og – kva om det eg gjev ikkje fell i smak?

Magnar og Carol Olsen med barnehageborn
Privat

Barnesong og norske tradisjonar

Julefeiringa mi starta då barnehagen i etasjen under der eg bur sende ein klasse som banka på døra og ville syngje nokre julesongar for meg og Carol. 17.desember var siste skuledag for dei, og borna var spente, då dette var fyrste gongen dei var med på slikt.

Det var kjekt og fint. Dei var godt oppstasa for framføringa. Rektor og klassestyrar var med for å oppmuntre og passe på.

Born med julekostymer
Magnar Olsen

På kvelden var det foreldregruppe på Dronning Maud, og i år ynskte dei å læra om norsk julefeiring. Me hadde andakt, julesongar, leikar, spørjekonkurranse om juletreet si historie og tradisjon, og til sist lagde me juletrekorger.

Juletrefest i Hongkong vart avslutta med utdeling av posar med peparkaker og anna julebakst frå IKEA. Me gjekk ikkje rundt juletreet, sidan me ikkje skal halde hender i desse covid-tider.

Magnar Olsen forklarar om norsk julepynt
Privat

Tysdag 21. desember var siste dag på Dronning Maud, og det var to julegudstenester. Etterpå var det julefeiring med kalkun som eine vaktmestaren hadde kokt og steikt på skulekjøkenet nokre timar.

Den vart godt motteken av alle. Det vart og dei tre som rektor hadde invitert til ha vitnemål.

Stort skulekor
Magnar Olsen

Gatesong og dåp

På fredag, julaftan, skal me ut og syngja på «gater og streder» i ein og ein halv time. Det er forbode med samlingar på meir enn fire personar, men me har 20 som vil vera med. Me skal arbeide med å halde god avstand.

Medarbeidarane er svært glade for at så mange vil vera med på dette i år, og me håpar det kan gje oppmuntring til mange som høyrer på denne kvelden.

Andre juledag er det julegudsteneste med dåp av tre ungdomar og ein godt vaksen mann.

«Vintreet» har laga julekrybbe i stor størrelse som dekorasjon denne jula. Og på talarstolen har dei hengt opp ein krans der halve er julekrans og den andre halvdelen er tornekrone.

Julekrybbe
Magnar Olsen

Gud med oss

I år har alle juleandakter så langt handla om Immanuel, Gud med oss. Dette store at Gud vart menneske og forlét himmelsalen for å bu, ikkje blant dei rike og kongelege, men blant dei fattige og trengjande.

Og om du ikkje har fått det med deg: Han ynskjer seg inn i hjarta ditt for å bu der.

 

Portrettbilde av Magnar Olsen

Magnar Olsen

Utsending