NLM sin logo synleg i GAP

Kross og krusedull

Misjonssambandet Mongolia har bygd og driv to leikeplassar, men kva rolle kan desse spele i målet «Verda for Kristus»?

Seks dagar i veka kjem det mange barn og unge i alle aldrar for å leike og spele i eit trygt og godt miljø i GAP (Grandhagen Activity Park) i Mongolia. I seg sjølv har dette ein stor eigenverdi, meiner eg.

Men ein kan også spørje seg om to leikeplassar kan vere med på å oppfylle målet «Verda for Kristus», når me ikkje har lov til å fortelje om Jesus.

Det er nemleg ulovleg i Mongolia å forkynne for barn under 18 år. Det er også strenge reglar for kva me som ein utanlandsk organisasjon kan gjere av religionsrelaterte aktivitetar.

  

Misjonssambandets logo

Her i Mongolia er «merkelappen» til Misjonssambandet ein hjelpeorganisasjon, ikkje misjonsorganisasjon. Men til dømes i logoen vår er krossen tydeleg.

Tanken er jo at denne kan vere med å gjere Jesus og vår identitet synleg, trass i restriksjonane me er under.

Og nå skal eg vera dønn ærleg: Eg har tenkt at det med logoen ikkje har stort å seie. «Kven legg eigentleg merkje til krossen over «krusedull-globen» på skilta våre?» har eg tenkt innimellom i mitt stille sinn.

Men for ei tid tilbake fekk eg ein positiv overrasking og kan med glede seie at eg kanskje har tatt feil!

Då kom det nemleg ei lita jente bort til meg med ein papirlapp. Eg tok imot og takka. Først la eg ikkje merke til mykje på lappen, for det var teikna med gul fargeblyant på kvitt ark. Men då eg kom heim, såg eg nøyare etter.

Jenta hadde teikna og skrive logoen vår! Og krossen var tydeleg til stades.

Teikning av NLM logo
Kjersti Ofte Leland

Møtepunkt fram mot tru

Det er sjølvsagt ikkje noko magisk med ein kross i ein logo. Ingen kjem til tru berre ved det.

Så kva skjer når denne jenta, og dei andre barna og ungdommane som kjem til oss, legg merke til krossen i logoen? Då forbinder dei krossen med gode opplevingar i parken, leik i trygge omgjevnader, varme og smilande vaksne, som for øvrig også ofte går med kross rundt halsen.

Eg har høyrt at det som regel trengst mange «møtepunkt» med Jesus og trua før ein kjem til tru sjølv. Eg trur at aktivitetsparkane våre kan vere eit slikt punkt for dei som kjem til oss.

Dessutan står det også eit bibelvers under logoen vår fleire stader, nemleg Johannes 17,3: «Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.»

Her er jo evangeliet samanfatta i ei enkelt setning! Forhåpentlegvis les mange også dette verset saman med logoen vår. Og så må me be om at dei blir nysgjerrige og vil finne ut meir.

Då har dei allereie hatt eit møte med krossen i «krusedullen» frå før, som kan vere deira første steg til å ta imot bodskapen som står i Johannes 17,3.

Kjersti Ofte Leland

Utsending