Korleis hadde me laga jolefeiring viss me skulle ha laga tradisjonane våre på nytt? Sikkert ulikt, men markeringa av Jesu fødsel i Khovd, Mongolia, var ei sterk oppleving.
I forhold til kyrkja i Noreg er kristne forsamlingar i Mongolia unge, cirka 30 år mot vår tusen år lange historie med kristendom. Korleis dei feirar rundt om i Mongolia, veit eg ikkje, sidan me berre har vore her i fire månader. Men i «vår» kyrkjelyd, Bayaan-Medee, i Khovd fekk me vere med på jolegudsteneste som var til inspirasjon.
I Noreg er det stort fokus på nær familie på jolaftan. I den unge kyrkja i Khovd lagde dei til ei flott samling for den «åndelege» familien i Jesus Kristus.
Jolegudstenesta hadde mange element. Som vanleg starta me med bøn, høgtlesing frå Bibelen, truvedkjenning og song. Det var hyggeleg for oss norske at dei også hadde med kjente jolesongar, omset til mongolsk. Tala var naturleg nok ut ifrå joleevangeliet, men me forstod dessverre ikkje stort av sjølve innhaldet.
Det sterkaste og flottaste var å få vere vitne til dåp av fire nye kristne. Etter det me har høyrt, er det tradisjon i kyrkjelyden å ha dåp nettopp i jolegudstenesta. Symbolsk blir dette ganske fint, at ein kan få bli ein ny skapnad den dagen me feirar at Jesus Kristus, frelsaren, kom til jord.
Saman delte me også nattverden. Slik fekk alle markere saman sjølve grunnen for Jesus kom til oss jolenatt.
Jolemiddagen og desserten er ein viktig del av jolaftan for dei fleste av oss, og god mat er ein viktig del av eit fellesskap også i Mongolia. Dei hadde fordelt kven som skulle ordne med ulik mat. Det var festmaten «bådz» (kjøttkaker innpakka i deig og dampa) med mongolsk potetsalat, stekt kjøt av ulikt slag med (litt) grønsaker, frukt, brus, salt mjølkete og kake. Eit skikkeleg festmåltid!
Dei hadde også førebudd underhaldning, der dei hadde animert inn kyrkjelydsmedlemma inn i ulike roller i joleevangeliet, noko som fekk fram mykje latter. Det var også jolesong av nokre av ungdommane utkledd som englar og ein konkurranse som me nordmenn ikkje heilt skjønte, men som slo godt an blant dei lokale.
Eg personleg er framleis veldig glad i den «vanlege» norske jolefeiringa i familien, men det var også veldig flott å få vere med på feiring av Jesu fødsel saman med mongolske søsken.