Mørke skyer og solglimt

Ulyst og regn

Nokre dagar her i Mali er regntunge – og arbeidet kan kjennast like regntungt som skyane. Men eg ber om at Gud kan bruke dei dagane og.

Det lynte og tordna heile siste halvdel av natta, til dels kraftige smell. Det blir lite søvn av slikt. Morgonen nærma seg. Det regna. Eg håpa at det ville vare. At eg ville sleppa å reisa til nabolandsbyen på evangelisering.

Vekkarklokka ringer ein gong. To gonger. Tre gonger. På tide å stå opp. Det har slutta å regna. Det tordnar rundt omkring, i lange bulder som fer tvers over heile himmelen. Frå den eine kanten til den andre. Eg håpar det skal begynna å regna igjen. Tar meg sjølv i å nok ein gong ønska at det ikkje blir noko tur.

 

I Gud sine hender

Klokka nærmar seg 8. Eg gjer meg klar og køyrer saman med to andre som skal vera med. Mørke skyer. Eg legg turen i Gud sine hender. Det får gå som det går, bli som det blir. Med eller utan regn, og med mitt uvillige hjarta.

Dråper begynner å treffa ruta, viskarane må på. Først litt. Etter kvart går dei for fullt. Rett før landsbyen sluttar det å regne. Vegen er heilt tørr, for ei lita stund.

Regnet kjem. I landsbyen blir me sittande i halvmørket inne i eit hus, eit soverom og venta på at regnet skal gi seg. Regnet slår mot bølgeblekktaket. Ein overdøyvande lyd som gjer det vanskeleg å prata saman.

Etter kvart kjem me i gong. Høyrer på ei lydfil om at Gud var trufast mot Noa og familien hans. Gud er trufast mot oss også. Me ber saman.

Mørke skyer
Kjersti Gangstø

Kva skal eg seia?

I det eg skal rygga meg ut, set eg meg fast. Det eine hjulet spinn og spinn. Eg ser for meg at eg må ha hjelp, men klarar til sist å lirka bilen laus frå gjørmeholet. Vidare til neste.

Ein som er lam med store liggesår. Berre skinn og bein. Han verkar fjern i dag. Seier han har vondt. Vil gjerne høyra frå Guds ord. Det kjennest så håplaust ut. Vil så gjerne koma med trøyst, med oppmuntring. Orda liksom stoppar i halsen på meg. Kva skal eg seia?

Eg kjenner eg ikkje strekk til. Og eg stiller meg spørsmålet om Gud strekk til? Eg veit jo at han gjer det, at han kan, men likevel plagast eg med tvil i møte med denne lamme. Kvifor helbredar ikkje Gud? Vil denne lamme mannen ein gong få ta imot Jesus som sin frelsar?

Eg håpar. Eg ber.

Kjersti Gangstø

Misjonær