Damer bakfra i et klasserom i en bambushytte

Skal ikkje du reisa ut som misjonær?

Det er lett å tenkja: "misjon er ikkje noko for meg. Nokon andre kan reisa." Men er det opplagt? Har du bedt over det?

Eg sit ved spisebordet i stova mi ein tysdag formiddag. Sola skin gjennom ein dis av sandstøv. Vinden nærmast uler rundt hushjørna og gardinene blafrar til tross for at vindauga er igjen. Vakta sit ute og høyrer på radio. Ein moped køyrer forbi, ei due kurrar, ein hane gjel og lyden av nokre barn når inn til meg her eg sitt framfor pc-en.

På misjonærbønemøte i går snakka me om framtida. Dei komande åra. Periodar avsluttast og folk reiser heim. Kven reiser ut?  Me treng fleire som vil vera med å bringa evangeliet til menneske som ikkje kjenner verda sin frelsar! Kan du reisa? 

 

Er det opplagt?

Det er lett å tenka: «misjon er ikkje for meg. Nokon andre kan reisa».  Men kven er desse andre? Og kva er det som gjer at du tenker at ikkje du kan reisa? Kanskje du ønskjer at Gud skal tilpassa seg dine planar og ikkje omvendt? Kanskje har du ikkje vore så bevisst på kva du tenkjer om saken, for det er så opplagt at du ikkje skal reisa.

Men er det opplagt? Har du bedt over det? Det er mange ting som kan halda ein tilbake frå å reisa: Jobb, familie, venner, frykt for å få «kallet», eller sikkerheit. Men Guds løfter står fast, og han kan bruka deg. Det finnes gode grunnar for ikkje å reisa, men er dei gode nok? 

 

Handlar om kven Gud er

Det er ikkje alltid lett. Det har eg sjølv erfart. I 2012 opplevde eg statskupp og evakuering, og i etterkant har eg mange gongar tenkt at eg ikkje kunne koma tilbake til Mali på grunn av sikkerheita. Eg tenkte at det var ein «god nok grunn» til ikkje å reisa.

Men i 2017 fekk eg spørsmål om eg kunne vera villig til å reisa ut igjen. Eg kjende eit vell av følelsar, både gode og vonde, og midt i alt visste eg at eg måtte vurdera det, eg måtte be over det.

Og gjennom bønn og bibellesing fekk eg gode grunnar til å reisa. Og eg oppdaga at det handlar ikkje om kven eg eller du er, men om kven Gud er. Fokuset må ikkje vera på oss sjølve, men på Gud og kven han er og kan. 

 

Regjeringa sitt reiseråd for Mali var og er ei fråråding for alle reiser som ikkje er strengt nødvendige til Bamako, og alle reiser utanfor Bamako. Men Gud ønskjer at alle skal bli frelste - også på «vanskelege» plassar.

NLM har etterkvart ei lang og turbulent historie i Vest-Afrika. Men der er framleis behov for at nokon reiser for å fortelja om Jesus, han som er vegen, sanninga og livet. Og det er naudsynt med misjonærar i Mali. 

Det er mennesket sitt evige liv, frelsa, det er snakk om.  

 

Som det heiter i barnesongen: 

Jesus har et spørsmål, og det lyder så: Hvem skal jeg sende, hvem vil gå? 

Hvem vil bære budet om at Gud er kjærlighet, Si meg vil du være med? 

 

Kjersti Gangstø

Misjonær