
Gud viser veg, og vi skal få gå vidare med bodskapen, saman med Jesus. Då blir det ein spennande haust vi har foran oss.
Eg ser fram til å sjå kva gjerningar Gud har lagt ferdige for Misjonssambandet i haust. For Misjonssambandet sitt motto «Verden for Kristus» står ved lag.
Det speglar oppdraget Jesus gav sine etterfylgjarar om å dele det gladaste og sterkaste med sin neste: Evangeliet – orda om den opne vegen til Gud og evig liv for kvar den som trur på Jesus.
Dette bryt vondskapens jerngrep og fører oss inn i eit fellesskap med Gud som aldri tek slutt. Det reiser opp og gjev ny start, nytt håp i ei lys framtid! Alle treng eit anker for sjela i ei verd som ser meir og meir truga og usikker ut.
Guds gjerning i verda er først og fremst Hans store redningsaksjon ved bodskapen om Jesus. Og Misjonssambandet sitt oppdrag er å gi menneske ein sjanse til å få møte Jesus. Gud vil at fleire gjennom vårt arbeid skal få møte Guds godleik og høyre evangeliet.
Efeserbrevet 2,10 seier: «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.»
Gud har lova å legge gjerningar ferdige i din og min veg i haust, kristne søster og bror. Anten du er ny eller erfaren i livet med Jesus. Anten du er knytt til eit lite eller større kristent fellesskap.
Det er spennande i haust å gå villig og frivillig saman med Jesus i den store redningsaksjonen.
La oss be om opne auge, varme hjarte og villige hender til å gjere gjerningar Gud har lagt ferdig i vår veg, både i lokalt i Norge og internasjonalt gjennom våre utsendingar.