En rekke døråpninger innover

Opne dører

Kva er NLM, eigentleg? Det korte svaret er at vi er til for at fleire skal få møte Jesus. Difor leitar vi alltid etter opne dører for evangeliet.

Eit vitnemål frå ein elev ved ein av våre internatskular har rørt meg. Han har fått eit møte med Jesus, ei levande tru og retning på livet.  

 

Kva er NLM eigentleg?

Arbeidet til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) i Norge er svært variert. Frå ei rad forskjellige institusjonar til nesten 1900 ung-lag og andre kristne fellesskap med forskjellige storleik eller målgruppe.

Når ein ser på eit slikt konglomerat av ein organisasjon kan ein spørje: Kva er NLM eigentleg?  Det korte svaret er: NLM er til for at så mange som mulig får møte Jesus.

For denne organisasjonen vart og er til fordi menneske har møtt Jesus. Difor engasjerer tusenvis av frivillige seg for at fleire skal få oppleve det same.

 

Kjærleiken opnar dører

Paulus seier det slik i 2. Korintarbrev: «For Kristi kjærleik tvingar oss. Vi veit at éin døydde for alle, difor har dei alle døydd. Og han døydde for alle, så dei som lever, ikkje lenger skal leva for seg sjølve, men for han som døydde og stod opp for dei

Ein har dikta slik: «Kjærlighet oppfinnsom gjør, Gud vil åpne deg en dør».

Kjærleikens kreativitet har gjort at mange «dører» har opna seg og gjort at NLM stadig har endra seg. Også i dag spør dei som har møtt Jesus: Korleis kan fleire møte Jesus?

Drivne av Jesu kjærleik spør Jesu etterfylgjarar etter opne dører for evangeliet om Jesus. Difor skal vi ikkje vere så redde for at NLM endrar seg. Men heller be om at vi ikkje må slå oss til ro med at menneske går fortapt.

 

Det viktigaste

Det er svært inspirerande å få høyre om menneske som har fått møtte Jesus og fått ny retning i livet, anten det skjer i ei forsamling, ei møteveker, på leir eller på ein skule.

Like stort er det at barn og unge får opplæring i trua som skaper tru og tillit til Jesus. Det er DET arbeidet i NLM handlar om – fyrst og fremst.  

Kåre Johan Lid

Kåre Johan Lid

Fagkonsulent