Jan Ingve saman med bornet og faren

Kongen er nådig

For første gong i misjonærlivet har eg fått æra av å gje nokon eit namn. Tenk så stort, då, å få gje dei eit namn med evig håp.

Dess lenger ein bur i eit land, dess meir kjem ein inn i kulturar og tradisjonar. Etter å ha budd i Mongolia sidan 2015 og i Vest-Mongolia sidan 2016, trudde eg eigentleg at eg hadde fått med meg, eller i det minste høyrd om, det meste.

Så feil kan ein ta.

 

Kva skal barnet heite?

Eg sat i Ulaanbaatar då eg fekk melding frå ein familie eg kjenner godt i Vest. No hadde dei fått ein ny vetlebror, og han trengte eit namn. Kunne eg gje namn til han?

Etter å ha snakka med lokale vener og med misjonærar med meir erfaring enn eg har for å forstå kva det inneber å gje namn til eit born, takka eg ja.

Dersom eg gav namn til barnet, vil eg verta noko tilsvarande ein fadder og må hugse på bursdagar og på anna vis ta del i oppsedinga av det. Eller, som med fadrar i Noreg, er det stor skilnad på kor mykje folk legg i oppgåva, så det var litt opp til meg sjølv å avgjerda kor mykje eg ville gjera ut av det.

  

Namn med meining

Så var det å kome på kva ein kunne kalle eit barn i Mongolia. Her i landet har alle namn ei betydning.

«Baatar» og «Khan» er mykje brukt som delar av gutenamn, og betyr «helt» og «konge».

Tsetseg er mykje brukt i jentenamn og tyder blome. Så etter eit par blomar er født, hender det at tredje jenta vert kalla ganske enkelt for «Tredjeblome». Eller dersom det har kome mange jenter og ingen gutar kan ei jente verta kalla «la det verta ein gut» eller «det vart ein gut».

Nokre får også namnet «Nergui», som tyder «ingen namn», dette for at dei vonde åndene skal mista interessa for barnet.

  

Kongenamn – etter mykje om og men

Etter at eg ved hjelp av ein amerikansk kollega hadde kome fram til eit namn som kunne vera passande, måtte det gjevast. Grunna mi eiga vankunne tok det tre dagar å få gjort dette skikkeleg.

Då eg kom vestover frå Ulaanbaatar var det lenge sidan eg hadde helst på denne familien, så eg reiste opp same kvelden og tenkte at sidan barnet var komen heim, kunne eg fortelje dei kva eg tenkte det skulle heite. Då inviterte dei meg tilbake på middag neste dag.

Neste dag var det ein seremoni der eg sat med bordet etter maten og fekk lagt barnet i armane mine og skulle sei namnet til det. I byte mot dette fekk eg ei nasjonaldrakt (som nesten var stor nok).

Sjølvsagd hadde denne enkle oppgåva vorte for vanskeleg for meg. Då eg spurde ein kamerat om eg hadde gjort ting riktig, lo han litt og sa, «nei, du må sei namnet ditt er …» tre gonger til barnet, så er det skikkeleg.

Kvelden etter måtte eg altså på besøk igjen, få barnet i armane og sei «Namnet ditt er: Kongen er nådig. Namnet ditt er: Kongen er nådig. Namnet ditt er: Kongen er nådig.»

  

Ei nådegåve

Kongen vår, Jesus, er verkeleg nådig! Han har late denne guten verta født av foreldre som ynskjer å følgje Kongen, og som ønskjer at borna deira også skal veksa opp i ei tru på Han.

Ver gjerne med i bøn for at denne guten, dei eldre syskena, og foreldra må halde fast i evangeliet om Kongen som i vår stad sigra på krossen!

Jan Ingve Bernssen portrett

Jan Ingve Bernssen

Utsending