Mongoler samlet på snødekt fjelltopp

Soldyrking og nyttårsfest

Dei siste åra har fokuset på arbeidet til NLM i Mongolia gått meir og meir over til å fokusere på ei unådd folkegruppe i landet. Men òg blant dei etniske mongolane er det framleis mange som ikkje kjenner Jesus.

Når ein ser kor NLM sine utsendingar er plassert i Mongolia, kva språk dei lærer og kva dei sjølv tenker, har det berre sidan eg kom hit for tre og eit halvt år sidan vore eit skifte i fokus. No er det ikkje dei etniske mongolane me har som hovudfokus, men ei unådd folkegruppe som bur her.

Eg er sjølv veldig glad for at NLM ønsker å satse på å nå dei unådde og takksam for at eg får lov å vera ein del av det arbeidet. Men etter ei veke med mongolsk nyttårsfeiring, tsagaan sar, fekk eg ein oppvekkjar på at sjølv om ei folkegruppe er rekna som nådd, er det mange av dei som framleis treng Jesus. Når det totalt sett ikkje er meir enn 2% av befolkninga i Mongolia som er kristne, er det viktig å ikkje gløyme dei som høyrer til den gruppa som vert rekna som nådd.

Stort bål på snødekt fjelltopp
Bønebål:Avgudsdyrking er framleis utbreidd i Mongolia. Jan Ingve Bernssen

Tsagaan sar

Den mongolske nyttårsfeiringa varer i tre dagar, og under desse dagane er det å reise på besøk til kvarandre viktig. Me norske utsendingar er heldige og vert ofte inkludert i denne delen av kulturen. Me får lov til å kome heim til folk og dele festmåltidet med dei.

I år la eg merke til ein fascinerande forskjell når me besøkte kristne og ikkje-kristne mongolar. Dei som ikkje er kristne har ei tru på at dess meir mat dei kan presse på besøket medan dei er på besøk, dess meir mat kjem dei til å verta velsigna med i året som kjem. Så bognande bord og eit stort press på å ete er ikkje uvanleg.

Dette matpresset opplevde me ikkje hjå pastoren i samarbeidskyrkja vår. For kvifor skal han presse oss til å ete meir når han veit at det er Gud som velsignar, ikkje kor mykje mat han deler ut til andre?

 

Jolsblot

Alle innbyggjarane i Khovd fekk ei tekstmelding frå guvernøren før feiringa byrja. Han oppfordra alle til å reise opp på fjelltoppane rundt byen for å helse sola som skein over landet den første dagen i det nye året.

For det Mongolia trong, var ifølje han at Tenger (avgud som vert omtalt som himmel-faren) skulle gje si velsigning over kvart enkelt menneske, og at dei slik kunne få bukt med større samfunnsmessige problem.

Biler parkert på snødekt fjell
Fulle fjell:Mange tok guvernøren si oppfordring. Jan Ingve Bernssen

Til dømes kan ein for å få slutt på fattigdomen ta med seg lommeboka si opp på fjellet denne dagen. Dersom årets første solstrålar fell på den, skal den visstnok ikkje verta tom resten av året. Nokre av oss som bur i Mongolia reiste også opp på fjellet for å sjå kva som føregjekk der. Det var som ei scene tatt ut frå 2. kongebok 17,11. På kvar haug og topp me kunne sjå hadde folk tent opp bål der dei brann røykelse og ofra.

Det var overskya denne dagen, men likevel kunne me høyre frå dei ulike toppane når dei trudde sola stod opp. Då knelte dei i bøn til sola, ropte og gjekk i ring rundt båla mens dei kasta mat, vodka og te i veret.

Mongoler ber rundt bål
Bøn til sola:Vodka og te vert kasta i lufta rundt bålet. Jan Ingve Bernssen

Det er litt slik eg tenker omstillinga må ha vore då Noreg vart kristna. Jolsblotet som vart feira då sola snudde vart forandra til å verta ein minnedag for Jesus fødsel. Tenk om den mongolske nyttårsfeiringa også kan verta forandra til ei tid for å æra Gud! Ver med å be om at det må skje!

Jan Ingve Bernssen portrett

Jan Ingve Bernssen

Utsending