Engelskgrupper er ein god innfallsport til å nå japanarar med Bibelens bodskap. Med Bibelen som lærebok er det fleire som møter Guds ord for første gong.
Det er fint å vere tilbake i Japan og kunne starte opp igjen grupper som eg hadde før eg reiste til Norge for snart fire år sidan. Engelskgruppene både i Matsue og Nima har hatt velkomstparty for meg tidlegare, og i slutten av oktober var vi i gong med undervisning igjen.
I Matsue kom det tre nye på første samlinga. Ei av dei som har vore med i mange år, hadde invitert med seg to venner, og ei anna hadde invitert med seg ei veninne. For alle tre som var der for første gong, var det også første gong å lese ei forteljing frå Bibelen.
Vi starta eit enkelt bibelstudie om Josef og brørne hans, der første tema var familierelasjonar. Før vi såg på Josef sitt familietre, fekk alle i oppgåve å teikne sitt eige familietre. På den måten blir vi også litt meir kjende med kvarandre.
Norske vafler var populært, og det gjekk hardt ut over brunosten, så no har eg bestilt meir ost frå ei av ungdommane som kjem på besøk midt i november. To elevar frå Kongshaug Musikkgymnas og to frå Tryggheim Forus kjem for å lære meir om prosjekta som dei samlar inn til.
I Nima starta vi også på same studiet om Josef. Ei av medlemmene er ivrig og studerer heime i mellomtida, og så deler ho med dei andre i gruppa på Line, som er det sosiale mediet som blir brukt mest her i Japan. Fleire morgonar i seks-sju-tida har ho delt noko nytt. Det er artig å sjå kor ivrig både ho og dei andre er.
Det var Kari Opperud som starta denne engelskklassa i Nima. Då lærte dei også om Josef, og denne dama som er så ivrig og har Bibelen som hobby, har funne fram papira som ho fekk utdelt den gongen. Ho hugsar enno kor rørt ho vart over forteljinga om då Josef fortalde brørne sine kven han var og dei bad han om tilgjeving.
Dei aller fleste i desse klassene er ikkje kristne, men dei vil gjerne lære engelsk og treffe kvarandre. Så får vi halde fram med å be om at Guds ord får trenge inn og forandre tankar og sinn, slik at dei forstår at der er ein Gud som elskar dei, og at dei har bruk for Jesus som Frelsar.
Desse to gruppene var det lett å starte opp att, men studentklubben Bible Club treng meir tid for å bli aktiv igjen. Studentar kjem, blir her i 4 år, og så reiser dei, så dei som var med i klubben før eg reiste til Norge, er no spreidde overalt, både i Japan og andre land. Så det er å starte igjen heilt frå botnen av.
Heldigvis er det amerikanske ekteparet Carmella og Scott framleis ved universitetet her, og dei prøver å få med seg studentar. På første samlinga kom det ei jente. Ho såg ut til å like seg, men ho er opptatt kvar fredag i november. Sist fredag var det ei jente som var interessert, men ho vil heller vente ei veke, så ho får med seg ei veninne. Sidan ingen melde seg på, vart Bible Club avlyst denne kvelden.
Be om at det desse to jentene og enno fleire kjem den 8. november, og at det kan bli ei god samling når ungdommane frå Kongshaug og Tryggheim Forus er her 15. november.