Dresskledde menn i eit tempelområde

Misjon i ein sekularisert kultur

Fleirtalet av japanarar kallar seg ikkje-religiøse, men samtidig er religiøse tradisjonar og tru innvevd i kvardagen til dei fleste. Korleis er det å drive misjon i ein slik kultur?

Japan er ein sekulær stat, samtidig som religiøse skikkar og festivalar er ein del av livet til dei fleste japanarar. Sjølv om mange seier at dei ikkje trur på nokon gud, går dei fleste likevel i shintotemplet, og mange familiar seier dei er buddhistar.

 

Skilje mellom stat og religion

Fram til slutten av andre verdskrig var shintoismen statsreligion, men grunnlova frå 1945 slår fast at skal vere eit klart skilje mellom stat og religion. Religiøse organisasjonar skal ikkje få privilegium frå staten.

Grunnlova slår også fast at det er religionsfridom, og det er fritt å drive misjon. Misjonærar får arbeidsvisum for religiøse aktivitetar.

 

Religionsblanding

Ei oversikt frå 2017 viser at 70,4 % seier dei tilhøyrer shintoismen, 69,8 % er buddhistar, 1,5 % er kristne, og andre religionar står for 6,9 %. (Totalt 148,6). Mange praktiserer både shintoisme og buddhisme og ser ikkje noko problem med det.

Til trass for høge tal både for shintoisme og buddhisme, viser ei anna undersøking frå 2018 at rundt 70 % av japanarane er "ikkje-religiøse." Men heilt frå eldgamle tider har japanarar og religion vore nært beslekta.

 

Helsar på død onkel

Japanarane elskar seremoniar og festivalar. Overalt kan ein sjå små tempel eller gudealter, både langs vegen og i fjellet. Det kan vere eit alter for fjellgudane, eit alter der ein ber om vern mot trafikkulukker, eller eit alter for aborterte foster.

I mange heimar, spesielt der eldste son bur, er det vanleg å ha fedrealter, der dei ber til og for dei døde.

Ein gong eg var heime hos ei eldre kvinne, kom ei av slektningane på besøk. – Eg må berre inn og helse på onkel først, sa ho og forsvann inn på rommet ved sida av, der fedrealteret til den avdøde onkelen hennar stod. Dei døde er på ein måte ein del av kvardagen til dei som lever.

I Japan er der spesielle dagar for å besøkje gravene. Ein ung mann skreiv på Facebook at han trudde forfedrane hans hadde beskytta han mot ei trafikkulukke då han fekk motorstopp på veg heim frå gravplassen.

Eit alter for trygg trafikk og eit for aborterte foster
Inger Valbø

Ikkje-religiøs religion

– Eg trur vi har ein ikkje-religiøs religion, seier ein annan ung mann eg kjenner. - Vi japanarar liker jul, held buddhistisk festival for fedreåndene i august og går i shintotempelet ved nyttår, uavhengig av religion. Vi aksepterer kvar enkelt si tru og alle religionar, og kombinerer desse. Slik kan vi seie at det ser ut som om vi er sekulære, men samtidig religiøse, meiner han.

 

Gudehylla hos Toyota

Ei dame som har gått i mange år i bibelklasse, fortalde på ei av samlingane i kyrkja at ho og familien hadde vore i Kyoto, over 32 mil éin veg, for å be ved eit tempel der om at sonen måtte kome inn på den vidaregåande skulen han hadde søkt på.

Religiøse skikkar er ein del av livet til ein vanleg japanar. For dei fleste er det ikkje snakk om ei tru på læresetningar, men handlar meir om religiøs praksis.

Også i forretningslivet er religion synleg. Eg la merke til hylla med eit lite shintotempel oppe på veggen hos Toyota-forhandlaren min. Før eit byggefirma kan byrje på arbeidet på ei tomt, har dei ein reinsingsseremoni, der shintopresten kjem og ber på byggeplassen. Utan ein slik seremoni ville dei kanskje ikkje ha våga å starte arbeidet.

 

Lade energi

Japanarar er glade i naturen.

– Når eg går i fjellet, blir eg slått av beundring over den storslåtte naturen. Eg kjenner på mysteriet i universet, fortel ei kvinne.

Ein finn ofte små tempel langs vegen og i fjellet. Ein gong møtte eg ei ung familie på ein fjelltopp.

– Eg går ein tur bort der for å lade energi, sa mora og stakk bortom shintotempelet på veg ned.

Liten shinto-heilagdom
Minitempel:Små tempel og heilagdomar er overalt. Den raude figuren er ein "torii", ein tradisjonell japansk portal som markerer inngangen til eit tempel eller ein heilag plass. Den er særleg brukt ved shinto-heilagdomar. Inger Valbø

Jesus som einaste vegen

Korleis er det då å drive misjon i eit slikt land? Eg opplever at japanarane stort sett er meir opne og nysgjerrige på det med kristendommen enn mange her i Noreg. Mange ser på kristendommen som ein religion for utlendingar, men dei studerer gjerne utlendingen sin kultur.

Sidan dei har så mange gudar frå før, tek dei gjerne ein i tillegg, men å snakke om Jesus som den einaste vegen til den sanne Gud, blir ikkje så lett tatt imot. For ein japanar er det også vanskeleg å forstå vårt gudsbegrep, sidan dei ikkje har noko personleg forhold til gudane sine. Dei har også vanskeleg for å forstå at det finst berre éin Gud.

Glimt frå ein privat heim med shinto-gudehylle, buddhistisk fedrealter og bibel
Synkretisme:Japanarar har sjeldan problem med å blande ulike religiøse tradisjonar og retninger. Inger Valbø

Skepsis

Mange som vil bli kristne, møter også hindringar og motstand frå familien, spesielt ungdommar. Sjølv om dei fleste er positive til kristendommen som vestleg kultur, er det også mange som er skeptiske til ein religion dei ikkje kjenner.

Særleg i kjølvatnet av ei japansk religiøs sekt som stod bak eit gassangrep på undergrunnen i Tokyo, er folk blitt meir skeptiske til å bli for mykje involverte i religion.

 

Engelsk, varm mat og vennskap

Både eldre og yngre vil gjerne bli kjent med utlendingar og bli flinkare i engelsk. Studentar set pris på få komme inn i ein heim, få varm middag og møte venner i ein avslappa atmosfære. Det å tilhøyre eit fellesskap betyr mykje. Det har blitt nokre fjellturar, tekoppar eller måltid ilag med enkeltpersonar eller smågrupper.

Japan er kjent for høgteknologi. Likevel er det ikkje slik at alle er gode på digitale løysingar. I kyrkjene er det mykje eldre folk, og små kyrkjer har ikkje så store ressursar verken når det gjeld økonomi eller personell. Men mange er etter kvart blitt gode på å overføre gudstenester på Facebook. I kyrkja sitt ungdomsarbeid er det også blitt satsa meir på media.

Ny teknologi gir oss nye moglegheiter, men likevel trengst det levande menneske til å formidle evangeliet slik at det blir forstått og tatt imot. Å hjelpe nye på vegen å leve som kristne i eit samfunn prega av mange religiøse skikkar, er også ei utfordring.

 

Jesus går på nye broer

Jesus går på nye broer over grenser, hav og fjell

For å bære til vår samtid vitnesbyrdet om seg selv.

Blader, bøker, lyd og bilde setter overalt hans spor.

Der hvor ingen tror han finnes, hører mennesker hans ord.

De fleste skjønner først hvem Jesus er

når en av hans disipler kommer nær.

 

Fargetrykk og fargeskjermer åpner veier for Guds Sønn.

Like skjult som fjernsynsbølger er vår verden fylt av bønn.

Koden inn til troens rike gjemmes i en foldet hånd.

Våre fremskritt hjelper lite uten kraften fra Guds Ånd.

De fleste skjønner først hvem Jesus er

når en av hans disipler kommer nær.

 

Fra papir kan Jesus snakke, men et menneske må til

for å vise tro i praksis slik vår Herre Jesus vil.

Fra en skjerm kan Ordet nå oss, men et fellesskap der vi

viser omsorg for hverandre, det kan ingen skjermer gi.

De fleste skjønner først hvem Jesus er

når en av hans disipler kommer nær.                      

 

 (Tekst: Vidar Kristensen. Publisert med løyve frå forfattaren)

  

Teksten er ein forkorta versjon av eit lengre foredrag om denne tematikken. Heile foredraget med powerpoint kan du sjå og høyre i opptak her.

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending