Utsiden av kirken i Matsue

70 år pluss eitt i Matsue

Hausten 2020 var det 70 år sidan dei første NLM-misjonærane kom til Matsue og starta arbeid der. På grunn av pandemien vart jubileet utsett eit år. Det blir markert i år ved å gi ut eit jubileumsskrift.

Som tidlegare misjonær i Matsue har eg fått i oppdrag å skrive nokre ord. Nedanfor er helsinga mi, omsett av meg sjølv frå japansk til norsk.

  

Lova vere Herrens namn! Gratulerer med 70-årsjubileet!

Eg har ei interessant bok om Dagny Drivstuen, som vart sendt til Matsue i september 1950. Då dei ikkje lenger kunne drive misjon i Kina, reiste ho ilag med andre misjonærar til Hongkong og kom vidare derifrå til Japan. Etter eit halvt år med japanskstudiar i Kobe, vart ho sendt til «skuggesida» (Sanin=fjell+skugge).

Eg siterer frå boka som Liv Randi Bjørlykke har skrive i samtale med Dagny:

«Jeg fikk ikke lese japansk i mer enn et halvt år, og det likte jeg dårlig. Ikke var Anna Gamlem glad for det, heller. Vi gjorde litt sure miner. Hvor mye japansk lærer du på et halvt år? Hva i all verden skulle vi der oppe? Vi kunne omtrent ingenting.»

Likevel opna Herren veg. Dei starta med engelske bibelklasser for universitetsstudentar. Når eg les dette, tenkjer eg at sjølv om tidene forandrar seg, er engelsk ein god reiskap i evangeliseringa. For Dagny såg det i starten ut som eit «skuggeland», men ho seier i boka: «Sant å si var det ikke noen skyggeside vi var kommet til. Gud la det til rette, så det ble ei solside når det gjaldt misjonsarbeid.»

Eg vart sendt til Matsue først i 2006. Som områdearbeidar i Sanin distrikt kunne eg ikkje vere med på gudsteneste kvar søndag i Matsue, men kvar gong eg var her, kjende eg på eit varmt fellesskap, som eg takkar for. Også japanske studentar og utanlandsstudentar som kom til kyrkja for første gong, vart varmt ønska velkomne.

Ifrå 2012 har vi fått ha internasjonal gudsteneste her. På denne måten har vi kunne nå fleire unge med evangeliet. Eg ber om at ungdommar også heretter må finne vegen til kyrkja og bli innlemma i flokken.

Talen som pastor Shukuno hadde på 60-årsjubileet, sit enno i minnet. Han snakka om bryllaupet i Kana, med vekt på tenarane som fylte vatn i vasskara. Dei forstod kanskje ikkje meininga med det dei heldt på med, men dei fortsette trufast med arbeidet. Heller ikkje er det arbeidet forgjeves som er utført i truskap sidan 1950 og heilt fram til i dag. Også her kan Jesus gjere eit under.

Helsing Inger Valbø,

områdearbeidar i Sanin distrikt 2006-2009, 2010-2016 og 2017-2020.

Fire internasjonale kvinner foran kirken
Internasjonalt:På veg til internasjonal gudsteneste i Matsue kyrkje. Inger Valbø

Så mykje fekk eg plass til å skrive innanfor ramma av 800 japanske teikn. På bloggen min frå 60-årsjubileet siterer eg meir ifrå talen til den allereie då pensjonerte pastoren:

- Eg er full av takk overfor dei misjonærane som starta her i Matsue, og overfor misjonsvennene som stod bak. Misjonærane som kom ifrå Kina, hadde berre åtte månader japanskstudiar før dei starta opp her. For eit mot! For ein iver! Dei hadde ein brann og ei nød for sjelene. Og dei var opptatt av at kyrkja skulle bli bygd av japanarane sjølve.

Eg tenkjer ofte for ein kamp det måtte vere. Dei tente Herren i det stille, slik som tenarane som fekk beskjed om å fylle kara med vatn. Det var store vasskar, som tok 80-100 liter kvar, og det var seks av dei. Dei lurte sikkert på kvifor dei måtte gjere dette monotone arbeidet, men dei var trufaste. Og dei fekk sjå resultat. Situasjonen vart vendt frå fortviling til håp.

  

Her kan du sjå meir frå jubileet for 11 år sidan.

 

Boka «Dagny med sykkelen» av Liv Randi Bjørlykke er også anbefalt!

Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending