David og Caroline Thorsen

Nye medarbeidarar til Yonago

Etter at eg kom tilbake til Matsue for snart tre år sidan, har eg vore åleine NLM-misjonær på denne sida av fjella. Men no blir det snart forsterkningar!

I sommar kjem eit ungt par flyttande frå Kobe og skal busetje seg i Yonago. Det meste av tida skal dei bruke blant unge i Yonago kyrkje og i utadretta arbeid med base i huset der dei skal bu, men dei blir også engasjerte i studentarbeidet her i Matsue. Mellom Matsue og Yonago tek det bortimot ein time å køyre.

Rett på Zoom Bible Club

Denne helga har eg hatt besøk av det unge ekteparet Thorsen. Caroline frå Australia og David frå Norge møttest i Kobe i Japan, og i vår gifta dei seg. David avsluttar toårig språkstudie i starten av juli og skal byrje i arbeid frå 1. september. Caroline skal halde fram med japanskstudiar ei stund også etter at dei har flytta hit.

Om lag ein time etter at dei var komne på fredagskvelden, var dei med på Zoom Bible Club, men det var ikkje første gong. Heilt ifrå slutten av april har dei vore med kvar fredag ifrå Kobe, så dei har allereie blitt kjende med mange her sjølv om dei ikkje har møttest direkte.

Husjakt

Laurdag ettermiddag var vi i Yonago og fekk visning på nokre hus dei hadde funne på internett. Dei bestemte seg ganske fort for eit hus der dei kan invitere mange gjester, med god plass til parkering, og der var til og med eit frukttre i hagen! Omtrent all frukta hadde falle ned og låg og rotna, men dei gler seg allereie til frukta som kjem neste sommar. Den skal ikkje gå tapt. No er prosessen i gong med å skrive leigekontrakt og praktiske ting som må ordnast før dei kan flytte.

Laurdagskvelden hadde dei ordna seg overnatting sjølve, så eg køyrde heimatt og gjorde meg klar til å preike i Arashima kyrkje på søndag. Det meste av førebuinga hadde eg heldigvis gjort på fredag, for eg hadde også samme preika på laurdagsgudstenesta. Sidan kyrkja er lita, er det ikkje plass til alle dersom vi skal ha nok avstand mellom folk. Difor har vi to gudstenester med plass til om lag 12 personar på kvar. Men sidan det ikkje har vore meldt koronasmitte-tilfelle i fylket sidan 2. mai, er det bestemt å byrje med felles gudsteneste att ifrå starten av juli.

Møtedeltakarar på tre kontinent

Caroline og David var med i Yonago kyrkje søndag og fekk bli litt kjende med folka der, før dei kom tilbake hit til meg, der vi hadde kveldsgudsteneste ilag.

I Matsue kyrkje er også gudstenestene i gong igjen. Likevel valde vi å ha den internasjonale gudstenesta online også i juni. Den viktigaste grunnen er at studentar og tilsette ved universitetet har ganske strenge reglar, og dei blir sterkt oppmoda om ikkje å delta på samlingar og arrangement på grunn av korona. Difor kan eg ikkje invitere dei til å møtast fysisk, verken i kyrkja eller på Bible Club. Då er det godt at vi har internett! I april og mai sende eg direkte på Facebook heimanfrå, men denne gongen prøvde eg Zoom, for å sjå kven som deltek, og for at deltakarane også kunne møte kvarandre. Og det vart eit spennande møte!

Caroline var med som tekstlesar, David var talar, Karoline og Marius Bergersen i Kobe delte lovsongar med oss, og ei jente i Norge hadde vitnemål. Vi fekk også nydeleg fløytespel av ei jente som studerer ved universitetet her. Til saman var vi 25 personar «samla», - dei fleste frå forskjellige plassar rundt om i Japan, men også frå andre kantar på kloden. Ifrå Australia var mor til Caroline med, og foreldra til David og fire andre var med ifrå Norge. Berre ni av oss som var med denne kvelden, bur i Matsue eller nærliggjande byar, så det hadde nok blitt ei lita forsamling om vi hadde samlast fysisk i kyrkja. Neste internasjonale gudsteneste blir 19. juli, og det blir nok også digitalt. Om det blir Zoom eller Facebook, har eg ikkje bestemt endå, men uansett er du velkomen til å delta!

Oppfølgingsarbeidet allereide i gong

Det var veldig kjekt å ha Caroline og David her denne helga. Dei nytta tida godt, også. Det siste dei gjorde før dei køyrde tilbake til Kobe, var å treffe ein student dei er blitt kjende med gjennom Bible Club. Eg trur dette er rette personar på rett plass!

Eg ser fram til eit vidare samarbeid med dei utover hausten. Det er godt å vite at arbeidet blant ungdommane kan bli ivaretatt sjølv om eg reiser. Og så gler eg meg til å besøkje dei når dei har kome seg i orden i huset!

Ver med og be for David og Caroline, om at alt det praktiske med hus og flytting legg seg til rette, at dei får vere frimodige til å bruke det vanskelege språket, at dei får venner, om god inngang i nabolag og kyrkje i Yonago, og for det vidare arbeidet i Matsue!

 

Sjå fleire bilete her:

http://ingervalbo.blogspot.com/2020/06/nye-medarbeidarar-til-yonago.html

Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending