Fugler Japan

Flyttfuglar

Tenk om ein kunne vere ei svane i flyttesjauen!

På avstand kan det sjå ut som sauer på beite, men dette er faktisk svaner som beitar. Dei kjem visstnok frå ein kaldare plass, og reiser kanskje vidare når snøen kjem her. Då eg såg desse svanene i går, tenkte eg kor lettvint det hadde vore om eg også kunne reise like lett som dei. Eg eig altfor mykje. Og det har samla seg mykje i løpet av dei vel ti åra sidan eg flytta inn i denne leiligheita.

I kveld har eg sortert ut gamle, slitne klede og papir som eg kan kaste. Det er ergeleg å kaste uleste blad og magasin, men det er for seint å byrje å lese no uansett. Det er innsamling i morgon, så då har eg litt press over meg. Eg må visst ha det for å få ting gjort.

 

"Takk for innsatsen"-kake frå Tokyo

På sundag hadde eg siste tale i kyrkja i Arashima, der det også var avskjed for meg. På grunn av korona var det ikkje mat, men vi fekk utdelt ein kopp med ei kake til kvar enkelt, ifrå tidlegare pastorpar, som eg samarbeidde med nokre år.

Kakene var sendt med kjølebil ifrå ei kyrkje som ligg nær Tokyo. Dei hugsa at eg likte så godt denne bringebærkaka, så no hadde kona laga til alle. Det var akkurat nok til dei 29 eller 30 personane som var i kyrkja. På kaka står det "Takk, Valbø-sensei". (Sensei er tittel dei bruker på misjonærar, pastorar, lærarar, doktorar, frisørar mm.)

Avskjed med gode vener
Inger Valbø

Eg fekk med meg fire gutar frå Matsue til kyrkja. To av dei har vore der før, og to var der for første gong. Han med det mest fargerike håret traff eg faktisk for første gong, men eg har sett han ein gong på Zoom. Etter avskjedssamlinga sende eg gutane tilbake til Matsue, medan evangelist Megumi og ei av medlemene i kyrkja tok meg med ut på lunsj.

 

Eg skal vere klar

No startar eg for fullt med pakking på heiltid. Får eg jobbe effektivt i tre dagar no, kan eg kanskje ta det litt rolegare mot helga og bruke meir tid ilag med folk.

8. desember kjem flyttebilen, anten eg vil eller ikkje. Eg skal vere klar. Utpå dagen reiser eg til Yonago og overnattar hos Caroline og David. 9. des. reiser eg til Kobe og har ei overnatting der, før eg reiser til flyplassen i Osaka på kvelden den 10. Flyavgangen er kl 23.30, så eg rekk mykje før den tid. Eg skal prøve å unngå å ta med korona heimatt!

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending