Bibelstudie

Å arbeide heimanfrå

For nokre stansar arbeidet opp i korona-karantene. Det er ikkje Inger Valbø si erfaring.

I går lærte eg noko nytt. Ein student frå Hongkong brukte forkortinga wfh, som eg ikkje forstod før han forklarte det. I HK starta dei "Work from home" allereie i februar. Han fortalde også at i Hongkong har "wfh" blitt ein vits: "Work from hill" fordi nokre bankmenn vart tekne i å gå på fjelltur i staden for å jobbe heime.

Japanarane kallar heimekontor for "Tele Work". (Tere wa-ku). 

Eg arbeider heime, men tek meg ein luftetur kvar dag med godt samvit. Eg har meir enn nok å gjere sjølv om eg er "berre" heime. 

Ordførarens bodskap 

Kvar dag klokka 12 blir det vanlegvis spela musikk over høgtalarane som er plasserte rundt om i byen. Eg har ein høgtalar i parken rett utanfor, men når eg er inne, er det ikkje alltid eg høyrer musikken. Eller kanskje er eg blitt så van med det at det går meg hus forbi. I alle år har det vore same melodien, "Matsue-songen", som blir spela. Så de kan kanskje forstå at eg er blitt litt lei.

Vanlegvis er eg ikkje heime klokka 12 på ein søndag, men denne søndagen var også innedag. Gudstenesta i Izumo, som eg følgde på YouTube, var allereie ferdig. Klokka var tolv, men i staden for song og musikk var det ei kunngjering. Desse høgtalarane er der for å informere om eventuelle krisesituasjonar, som t.d. tsunami eller om det skjer noko ved atomkraftverket. På grunn av eit veldig ekko mellom husa fekk eg ikkje med meg kva som vart sagt, men andre fortalde meg på Facebook at det var ordføraren i Matsue som oppmoda oss til ikkje å gå ut unødvendig, og til å vaske hendene. 

Ein dag seinare i veka gjekk eg ut for å få med meg kva han eigentleg sa, for han gjentek det (i opptak) kvar dag klokka tolv, kvardag som helg. "God dag! Dette er ordføraren i Matsue. La oss ikkje gå utandørs utan at det er nødvendig, og la oss vaske hendene!" seier han. 

Som sagt held eg meg mest inne. Eg prøver å gå på butikken berre éin gong i veka. Det er uvant, sidan eg er nabo til butikken og er van til å gå dit fleire gonger i veka når det er noko eg manglar.

Narnia og påske

I løpet av ei veke har eg mange bibelstudie over nett, både med enkeltpersonar og grupper. Denne tirsdagen prøvde eg også å få engelskelevane i Nima til å prøve seg på Zoom, men dessverre var det berre éi som klarte å finne utav det denne gongen.

Dagen etter legg ho ut bilete på Facebook. Ho har også skrive rapport på engelsk. Då eg spurde om lov til å dele rapporten på bloggen min, vart ho veldig glad. Her er rapporten, utan at læraren har retta på noko, bortsett frå å ta bort namnet hennar:

A report of On Line English class
I was the only one in it, when I tied up to the teacher.
She waited other members.
Three members couldn't tie up On Line easily.
We waited them for a while.
I prayed that someone coming.
But at last they gave up to do it.
I prayed that the teacher cancels today's class.
Oh,however, she said with a smile.
"Now, M-san. Let's start today's lesson. Are you ready?"
I had made up and said.
"Oh, yes. What will you teaching me today?"
She has prepared a lot of things as usual.
That' was very hard for me!
But I think she got tired more than me.
Because teaching is difficult more than learning.
I'm very grateful to her.


Først bad ho om at dei andre kunne klare å logge seg på. Men då det viste seg at dei ikkje klarte det, bad ho om at timen måtte bli avlyst, skriv ho. Det visste eg ikkje før etterpå. Men eg trur ho var fornøgd med å få privatundervisning. Ho er veldig opptatt av historia om Narnia av C.S. Lewis. Det var også tema for heimeleksene eg hadde gitt dei i løpet av påskeveka, og tirsdagskvelden tok vi ei oppsummering rundt hendingane i påska, der løva Aslan, som gir livet sitt og blir levande att, er eit bilete på Jesus som døydde på korset for syndene våre og stod opp igjen frå dei døde.

Ein-til-ein bibelstudie

Denne veka har eg også hatt ein-til-ein-bibelstudie med tre andre over internett. To av dei har gitt meg lov til å fortelje litt.

Sidan skule og barnehage er stengde no pga korona, er det fleire som har meir tid enn vanleg. Dette er også ei spesiell moglegheit til å nå vanlegvis travle japanarar. Ei ung mor er blitt ivrig til å lese i Bibelen, og ho vil gjerne lese ilag med meg to gonger i veka. I bakgrunnen leikar treåringen for seg sjølv. I dag song ho oppatt og oppatt om hjula på bussen som går rundt og rundt og rundt.

Ei ung jente ønskjer også å lære meir. Vi går gjennom eit kurs på japansk og engelsk som heiter "First Step". I dag snakka vi om kva Jesu død betyr. Neste veke blir det ein time om Jesu oppstode. 

I går starta vi også oppatt den kristne studentlagsgruppa KGK, der vi ønska velkommen ein ny student og ein ny lagsarbeidar. Studentane sjølve leier bibelstudiet. Sidan universitetet ikkje har starta opp igjen enno, er nokre studentar framleis heime hos foreldra. Gjennom Zoom fekk vi samla folk i Matsue, Izumo, Okayama og Hiroshima. Neste veke reknar vi med å få med iallfall to til.

Dette er litt av det eg styrer med om dagane. Be gjerne for desse eg les Bibelen med, at Den Heilage Ande får opne augene deira så dei ser kven Jesus er og at dei får mot til å ta imot han som Frelsar og Herre. Be også om at fleire av damene i Nima finn ut korleis dei kan bli med i Zoom-gruppa.

I kveld har vi også hatt misjonærbønnemøte. Det er første gong eg har vore med på bønnemøte i Kobe ifrå stova mi i Matsue. Vi var til saman 15 personar i kveld, både frå NLM/FLOM/SIK og den andre finske misjonen FLM.

Direktesendt søndagsskule på YouTube

Søndag morgon skal eg ha andakt på søndagsskulen, også det heimanfrå, via Zoom, og det skal sendast direkte på YouTube ifrå Izumo kyrkje. Innimellom bibelstudia i dag øvde vi på det tekniske til søndagsskulen, så eg håper det går bra. Då står det berre att å førebu andakta... Og så tenkte eg at dette er ein sjanse til å få fleire barn til å "komme" på søndagsskulen, så eg skal prøve å fortelje foreldra kvar dei kan finne videokanalen.

Som de forstår, har eg kontakt med mange sjølv om eg er heime. Naboane som flytta inn vegg i vegg på palmesøndag, derimot, har eg enno ikkje sett.

Her kan du sjå fleire bilete og høyre ordføraren i Matsue tale over høgtalarane i byen:

http://ingervalbo.blogspot.com/2020/04/wfh-work-from-home-arbeide-heimanfra.html

Portrett Inger Valbø

Inger Lovise Valbø

Utsending