Barnehagebarn som leikar ute

Liten barnehage – stort oppdrag

Aobaen er ein liten barnehage, 24 born frå 2-6 år, dei aller fleste frå ikkje-kristne familiar. Men Aobaen har eit stort oppdrag.

Oppdraget er å la Guds Ord og kristne verdiar få prege omgangen med borna og foreldra. Vi vil at alle skal kjenne at dei er elska av oss (personalet) og gjennom det kjenne at dei er elska av Gud som skapte dei, at dei kan erfare at det er tilgjeving å få og gjennom det erfare Guds tilgjeving gjennom Jesus.

 

Sportsdag med andakt og bøn

Her om dagen var det sportsdag, slik som er vanleg om hausten i alle barnehagar. Også denne dagen kom foreldre, søsken og besteforeldre for å vere med saman med borna som går i Aobaen. Omlag 30 born og dobbelt så mange vaksne var samla.

Programmet starta med kristen sang ved borna, bøn ved ein av lærarane og mini-andakt ved meg. Temaet for dagen var «Politi».

Eg prøvde å seie litt om forskjellen på lover og reglar i samfunnet og Guds lov. Ikkje alle er kriminelle, men alle er syndarar. Om vi bryt lova, må vi sjølve gjere opp for oss (fengsel, bot), men brot på Guds lov klarer vi ikkje å gjere opp for. Då er den gode bodskapen til oss at Jesus gjorde opp for oss, slik at vi kan bli skuldfrie overfor Gud.

Kristendommen sitt sentrale innhald, som eg fekk dele denne dagen. Eit av mange høve der vi får så Guds Ord også til borna sine familiar.

Til dagleg sår vi Guds Ord til borna på den faste samlingsstunda. Der er det kristne songar, bøn og bibelforteljing. Vi går gjennom GT og NT etter ein fast plan kvart år, så dei som går tre år i Aobaen, får med seg ein god del bibelkunnskap. Vi syng også alltid bordvers og ber bordbøn. Ei enkel samling før borna går heim, blir alltid avslutta med bøn.

 

Tillit bygd opp gjennom mange år

Det er ikkje noko problem å ha ein tydeleg kristen profil. Dei som vel Aobaen, gjer det ofte, nettopp fordi dei er positive til at borna får kristen påverknad. Aobaen nyt godt av ein tillit som er bygd opp, gjennom over 70 år, av kristne lærarar som også har vore pedagogisk dyktige.

Aobaen vil at borna skal få sterke røter som gjer at dei kan vekse seg sterke seinare, røter som gjer at dei toler både solskin og ruskevêr.

Be for oss

Kanskje særleg barnehageborn i Norge kunne be for borna i Aobaen? Be for dei som går der no, og be om at mange framleis vil velje Aobaen, og gjennom det bli kjent med Jesus.

Eg er takksam for alle som vil be for personalet, også, at vi kan makte å fullføre vårt store oppdrag.

 

Ingebjørg Hildre er styrar i Aobaen barnehage

Ingebjørg Hildre

Ingebjørg Hildre

Utsending