Når det er 11 000 km biltur mellom elevar og lærarar, må det verkeleg kunne kallast fjernundervisning. Likevel har vi hatt ein god start på skuleåret.
Det er rart kva ein får til når ein må. Naud lærer naken kvinne å spinne, heiter det i eit gammalt norsk ordtak. Spinnvilt vart det då skulestarten 20. august ved Den norske skolen (NCS – Norwegian Community School) i Kenya måtte takast digitalt.
Då vart det kosta støv av den legendariske henteleiken. Elevane fekk i oppdrag å leite fram den eine tingen etter den andre frå bustaden sin, og førstemann til å vise tingen i webkameraet, fekk poeng. Vinnaren hausta digital applaus og ære, og alle fekk vi ei viss kjensle av fellesskap.
NCS (Norwegian Community School) er ein grunnskule som er eigd av NLM. Skulen held til på NLM si tomt i Nairobi i Kenya.
Skulen er open for alle barn som er norske statsborgarar, og elevane er både barn av NLM sine utsendinger og andre barn med norsk statsborgarskap som vanlegvis er busett i Kenya.
For inneverande skuleår hadde skulen 20 søkarar, men grunna pandemien blei fleire av elevane verande i Noreg, og mange reiste òg tilbake til Noreg.
Skulen har difor no 7 elevar fordelt på 2.-7. trinn. Desse følgjast opp med fjernundervisning.
Ein satsar på å gjenopne dagskulen i januar 2021.
Då styresmaktene i Kenya avgjorde å stenge ned skulane i Kenya i mars, vart også Den norske skulen som NLM eig, råka hardt. Lærarfamiliane vart evakuerte til Noreg i andre halvdel av april, og skulen fullførte tre og ein halv månad heimeskule med lærar-elev-kontakt gjennom ulike digitale plattformer.
Covid-19-pandemien har vidare ført til at elevtalet i haust er meir enn halvert, sidan somme familiar har valt å flytte til Noreg for ei tid, medan andre familiar som skulle ha flytta til Kenya, utsette det til 2021.
Seinsommaren bestemte utdanningsdepartementet i Kenya at skulane tidlegast får opne i januar. Med det gjekk startskotet for endå fleire månader med digital heimeskule eller fjernundervisning. For sjeldan har vel nemninga fjernundervisning vore meir passande. 163 timar og nesten 11 000 km lang biltur unna sit våre kjære elevar. Vi saknar kvarandre!
No er vi alt meir enn ein månad ut i det nye skuleåret. Grundige førebuingar, fleksible løysingar, flinke lærarar, ivrige elevar og ikkje minst dedikerte foreldre, gode digitale hjelpemiddel og Whatsapp + Google meet har gjort skulestarten god.
Dagleg har vi kontakt med elevane i google-møte, og vi håper og trur at elevane lærer mykje trass den utfordrande skulesituasjonen. Foreldra deler jamleg erfaringane sine med oss. Nedanfor kan de lese nokre sitat frå tilbakemeldingar vi har fått:
“Datteren vår synes at hjemmeskolen er vanskelig fordi hun savner å ha undervisning sammen med de andre elevene, men når hun har googlemøter med dere lærerne, er hun alltid glad for å snakke med dere og dele av sine hverdagslige opplevelser. Jeg som forelder vil si at det er en god mulighet å få innblikk i sitt barns utvikling og eventuelle læreutfordringer. Vi er veldig fornøyde med lærernes engasjement i elevens læring og det er en stor hjelp for oss foreldre.”
(Mor)
“Overall, homeschooling has been a wonderful learning opportunity for me and my daughter. We feel so lucky to have had extended and consistent support from the NCS teachers! The teachers have been available throughout the period and offered the much needed guidance and support. We are very grateful for this.”
(Mor)
“NN has been telling me of how she is enjoying the learning…”
(Mor)
“It is first time for us, and it has been a pleasant experience. Good dialog and easy also for me currently in Norway to follow the progress.”
(Far)
“NN sier at hun elsker hjemmeskolen fordi hun får mer tid med meg. Hun er veldig glad for at hun raskt får tilbakemelding fra lærerne. Personlig liker jeg dette, selv om det er tidkrevende, fordi jeg får ta større del i hennes læring og utvikling ...”
(Far)
Heimeskule/fjernundervisning har sine utfordringar og ulemper, men også vi lærarane kan trekke fram positive opplevingar, som at vi har fått mykje tettare kontakt med foreldra og at foreldra er involverte i skulearbeidet i mykje større grad enn før.
Vi er glade for å kunne tilby eit opplegg av god kvalitet og med gode resultat, men likevel gler vi oss til at vi sannsynleg får opne for normal undervisning i januar! “And now it is friminutt!” som ei i 3. klasse avslutta eit google-møte!
Marita Bette og Gunstein Ohma er lærarar og rektor ved NCS (Norwegian Community School) i Kenya.