Gutt leker med metallhjul i landsby

Evangeliet til landsbyen bak fjella

– Takk for at de ikkje har gløymt oss, seier landsbyfolket. Sjølv om kulturen er prega av ei blanding av islam og animisme, ynskjer dei så gjerne å høyre meir av Guds ord.

Då eg budde i landsbyen «min» i Mali (no bur eg i hovudstaden), lyfta eg ofte augo mot Mandingfjella. Eg drøymde om å sjå områda som låg på andre sida.

I 2015 vart draumen røynd. Saman med støttekomiteen for bibelomsetjing til malinké, tek eg turen. Landsbysjefen kallar saman dei eldste, landsbyrådet, som tek imot oss i vestibylen, eit firkanta leirhus. Oppe ved taket heng eit skinn – eit vern, vert eg fortald. Det vitnar om at animistisk tru blandar seg med det muslimske verdsbiletet.

 

– Landsbyen vår er open

Pastor Samuel takkar for sist. I 2011 var han med i ein delegasjon som kartla om det var naudsynt med ei eiga bibelomsetjing for deira dialekt av malinké. Fleire av dei frammøtte hugsar dette.

– Takk for at de ikkje har gløymt oss, at de kjem tilbake og fortel om oppfylginga, seier dei, og held frem: – Og vi er glade for at Bibelen no vert omsett til språket vårt. Når det vert skrive ned, vil det verte tatt betre vare på.

Då vi spør om løyve til å kome attende for å teste ut bibeldelar etter kvart som dei vert omsett, er svaret klart.

– Landsbyen vår er open for dykk, svarar dei.

  

Ynskjer kyrkje

Dei har meir på hjartet. – I den og den landsbyen har dei kyrkjer. Vi har ingen … Når kjem de for å setje opp ei kyrkje her hjå oss?

Det syner seg at landsbyen hadde fast vitjing av katolske kristne for 20-30 år sidan. Også pastor Samuel har hatt turar hit for å dele dei gode nyhende om Jesus Kristus. Det ligg noko att.

På veg heim ser vi på einannan i bilen. Det kviler eit kall på oss.

  

Ein lengsel

Vi kjem ikkje att før fleire år seinare. Denne gongen for å lese og teste ut forteljinga om den bortkomne sonen, i ein kalender omsett til malinké. Bibelomsetjar Soriba les og stiller spørsmål. Fleire born ivrar etter å svare. Nokon gjenfortel historia og også dei vaksne tek del. Jau, dei forstår. Språket funkar.

– Men når kjem de hit for å gjere noko meir, lyder spørsmålet når testinga er ferdig.

Det er vanskeleg å love noko. Vi har alle våre oppgåver på kvar vår kant.

– Men, kan de ikkje gjere noko for borna då?

– Noko kristent? spør eg Soriba for å forsikre meg om at eg har forstått rett.

– Ja. Noko kristent.

– OK, om Gud vil lovar eg å sende nokre unge for å arrangere leir for borna i tørketida neste år.

Eg tør ikkje køyre inn her i regntida, for eg kan sjå for meg gjørmehola og alle elvane utan bruer.

  

Leir for over 200

Ni månader seinare, i ein liten skuleferie i januar, er vi på plass med eit team av unge. Ein av dei folkevalde ordnar husrom, med tynne madrassar og nokre damer til å koke for oss. Over 200 born kjem.

Medan borna leikar og får høyre bibelforteljingar, ruslar bibelomsetjar Soriba omkring i landsbyen. Han set seg ned med dei som har tid. Les det han har omsett, stiller spørsmål og får innspel og korrigeringar.

I eit av klasseroma står Lea, ein av dei frivillige i teamet. Ein av lærarane har late ho forstå at det skjer ein del som ikkje er bra for jentene, slik som tidlege debutar seksuelt, heilt ned i trettenårsalderen. Ho tek til å spørje, og får jentene til å fortelje. Og dei vil ikkje gå når «timen er over».

– Det er ingen som bryr seg om vår stemme. Andre bestemmer over våre liv, seier dei. Til ettermiddagsøkta er dei på plass att, og mange har lyst å fylgje Jesus.

  

Kallet går til fleire

Når vi tek avskil, gjev landsbysjefen oss ei oppmoding:

– Måtte ikkje dette verte eit tre som berre ber frukt ein gong!

Igjen kallet …

Vi vert samde om at Soriba skal kontakte ein av dei større evangeliske kyrkjesamfunna. Kanskje kan dei ha noko å sende til denne landsbyen?

Soriba gjer dette, og året etter får vi igjen til leir i landsbyen. Parallelt med leiren vert det arrangert seminar der unge jenter og deira mødrer vert inviterte. Dei snakkar om liva til dei unge jentene og kva som er gode liv.

– Å, de må kome att. Vi vil så gjerne at også fedrane vert med på desse samtalane!

 

Guds rike kjem

I 2023 skjer noko oppmuntrande. Kyrkja i Bamako som Soriba kontakta, vel å ha misjonsfokus på malinkefolket i vårt område – søndag etter søndag. Og dei sender team av unge på kortturar for å drive evangelisering.

Ein dag høyrer eg at dei har tatt turen og til landsbyen bak fjella. Med julegåver til borna.

Det skjer meir. I 2024 gjev landsbyen dette kyrkjesamfunnet ei stor tomt, heile 20 dekar. Til kyrkje. Ein pastorfamilie er no på plass i landsbyen, utsendt som misjonærar frå denne kyrkja.

Eg er oppmuntra og takksam – må Guds rike og vilje og hans rike kome til denne landsbyen. Landsbyen bak fjella.

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending