Lastebil

Moglegheiter i koronatida

– Mali har 40 respiratorar for ei befolkning på 18 millionar, fortel kommunelegen på kurs for helsearbeidarar i nabokommunen.

Den potensielle krisa landet står overfor, sig inn. Hjå meg, hjå deltakarane. Kor viktig kampen er mot spreiing av koronaviruset. Kurset, eit av ti i fire kommunar, er ein del av eit koronaførebyggande prosjekt, utarbeidd, og handsama i rekordfart.

NLM/Digni-midlar til restaurering av gullfelt (som no ikkje er mogleg) vart stilte til disposisjon. Materiell for smittevern er distribuerte til 25 klinikkar i dei fire kommunane, og alle landsbyane her skal vitjast for informasjon. Personar med tillit i lokalsamfunna skal vere med, for mange trur ikkje heilt på det med korona.

Det er uverkeleg dette, at lokal partnar og eg, held på med koronatiltak. Over natta vart det vante sett på pause. Ulike prosjektaktivitetar, barneklubbane og  fotballklubbane og søndagssamlinga under tuntreet. Og kollegaer og vener i internasjonalt miljø reiste heim. Rart.

Sjølv er eg takksam og audmjuk for at NLM let meg få bli. Der er som eg anar at Gud har oppgåver han vil ha gjort no. Husbesøk hjå truande søstrer opnar for kontakt med mennene som vil lære meir om kristen tru. Ei lita gruppe med bibelstudium på fransk, etterspurt i lengre tid, er starta (vi sit med 2–3 m. mellomrom.) Sendetida på lokalradioen er utvida. Tre kveldar i veka vil serien «Rettferds Vegen», ei kronologisk framstilling av bibelhistoria, gå på lufta. I tillegg sendes «Håpets kvinner» to kveldar i veka.

Kan hende vil spelereglane for å vere her endre seg. Og kan hende, undrar eg, er eg og vi rista litt laus frå det faste for å vere meir mobil for Herrens vind.

Bildetekst: Utstyr for smittevern lastes opp på misjonærens pickup. Det skal køyrast til ein av nabokommunane. 

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Misjonær