Sangstund på leir

Det nyttar å be

Hundrevis av born kjem stadig på leir i den muslimske landsbyen der vi bur. Guds ord vender ikkje tomt tilbake. Lat oss med fridom be om at borna kjem til tru.

Januar 2019.

Han stod i skulegarden med sint ansikt. Nyvald leiar i foreldrekomiteen for forvaltning av den lokale skulen. Han var misnøgd med at rektor hadde gjeve løyve til kristen leir på skuleområdet.

Rektor på si side, meinte denne avgjersla tilkom han heilt og fullt. Maktkamp. Heile leiren stod i fare for å verte avlyst i det han skulle ta til.

Kollega Kjersti sende meldingar heim om å be. Saka løyste seg. Vi fullførte leiren.

 

Desember 2019.

Eg går inn i tunet til leiar i foreldrekomiteen med skriftleg innbyding til julefesten vi skal ha for vener og kjente i landsbyen. Han er ikkje heime, men eg leverer konvolutten.

Han ringer meg om kvelden og takkar meg så hjarteleg. Eg vart glad. Dette må vere Gud, tenkjer eg.

Eg trur ikkje han kom på festen. Men det gjorde mange andre. Kan hende mellom 200-250 vaksne og ungdommar. Og 250-300 barn. Klar og fin forkynning om Jesus, at utan han kjem vi ikkje inn i himmelen.

Det vart ein fantastisk fest. Så har vi løfte om at Guds ord ikkje skal vende tomt tilbake, at det gjer det Gud vil og FULLFØRER det han sender det til, Jes. 55.

 

Januar 2020.

Eg tek ein ny runde med rektor. Får vi lov å ha leir helga 18.-19. januar? Ingen problem. Eg ringer leiar i foreldrekomiteen. Ingen problem. 

Takksemd.

 

Klar for leir

I Bamako har 12 leirleiarar førebudd seg til å fortelje om kong David i fire økter. I ettermiddag kjem dei til landsbyen her. Vi ordnar dei overnatting og mat, finn fram hoppestrikk og slengtau, sekkar til sekkeløp, fotball og ballongar, blikkboksar og dei små posane med sand som vi fekk laga ved førre leir.

Kjeks er kjøpt inn til 500 barn to dagar på rad og snop til ettermiddagsøkta, like mange pårekna.

Som vanleg – ja, vi skriv no leir nr 12 sidan den fyrste gjekk av stabelen i 2014 – veit vi ikkje kor mange som kjem og kven.

Gud veit.

Vi må skrive bønne-e-mail, seier Kjersti då vi har planleggingsmøte.

Og det er vel det eg held på med no …

 

I Jesu hender

Det er godt å be vener, nok ein gong, om å be, om å legge leiren i Jesu gode hender, Han som med sitt blod har fridd oss ut av mørkets makt.

I Efesarbrevet les vi at vi har ikkje ein kamp mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme i himmelrømda. I Hebrearbrevet står det om englar som vert utsendt til hjelp for dei som skal få frelsa i arv.

Eg ber om mykje englar i skulegarden og klasseromma. Guds fred og glede midt blant borna. Og ei open dør for ordet om Jesus og at barn skal kome til bevisst tru på Jesus.

Lat oss med fridom gå fram for nådetrona.

Bergfrid Almelid

Bergfrid Almelid

Utsending