
Nyforelska og litt småflaue ser fem ektepar inn i augene på kvarandre og lovar at dei framleis vil elske og ære ektefellen sin.
Som ein del av familieprosjektet til NLM og samarbeidskyrkja ICEL i Bolivia har 14 ektepar jobba seg gjennom kurset ekteskap bygd på fjell.
Neste skritt er at dei skal halde kurs i lokalkyrkjene sine og på den måten hjelpe fleire ektepar til å bygge ekteskapet sitt på bibelske prinsipp.
Fysisk og psykisk vold i nære relasjoner er ei stor utfordring i Bolivia. Familieprosjektet har som mål å føre til sunne og stabile familiar.
Det ønsker ein blant anna å gjere ved å fokusere på kva rolle menn og kvinner har i ekteskapet og kva Bibelen lærer oss om familielivet.
I tillegg jobbar familieprosjektet med verdiundervisning inn i skular i nærmiljøet og foreldreveiledningskurset ICDP.
Kyrkja i Bolivia ynskjer at familieprosjektet skal fungere i sterk tilknytning til lokalkyrkjene. Då er det gledeleg at det er leiarar og pastorar som har delteke på kursa og som nå er klare for å gje det dei har lært vidare til andre.
For å avslutte ekteskapskurset i Potosi var nasjonal pastor Ivan Figeroa til stades og gjennomførte ein høgtideleg seremoni der ektepara fekk fornya løftene sine.