
Damer pynta i matchande skjørt og perler møtte oss med song då me kom på besøk. Eg har jammen mykje å lære av måten ein ønsker gjester velkomne på i Pokot!
I mars var eg så heldig å få reise til Pokot nordvest i Kenya igjen, denne gongen for å filme for Use Your Talents. Gled dykk til filmane er klare!
I reisefølgjet var to hjelparar: kollega, og for anledninga journalist, Margunn Krohn Sævre, og fotograf Robert Lutta, som har jobba med NRK i mange år. Vi var ein god trio som utfylte kvarandre godt: Robert filma små og store detaljar eg aldri hadde tenkt på, Margunn med språkkunnskap fanga opp ting eg ikkje hadde fått med meg med min begrensa swahili.
Medan eg, eg hadde bilnøklane for meg sjølv heile vegen og fekk testa kva «cruiseren» var god til, både på høgt og lågt gir. Kjekt å køyre på «rough roads»!
Eg reiste heim med baggen full av opplevingar, dei fleste veldig gode. Ein opptur var jo å få dratt ein bil opp frå gjørma. Nedturen kom fort etterpå: Eg køyrde meg fast i same gjørma. Land cruiser skal jo ikkje kunne sette seg fast! Me kom oss ut.
Kontaktane mine lokalt la planar for besøka. Sjølv hadde eg ikkje full kontroll, men det er litt av spenninga på ein slik tur. Me besøkte kvinnegrupper som hjelper kvarandre med å spare pengar, slik at alle kan få kjøpt ei geit. Damene stilte villig opp og fortalte om prosjektet og korleis bukken Carlos går på rundgang, så alle geitene til gruppemedlemmane kan få geitekillingar.
Vidare besøkte me gruppa som sparer så alle medlemmane kan kjøpe seg vasstankar og takrenner til å samle opp regnvatn. Dei viste oss kvar dei elles gjekk for å hente vatn, og me fekk tydeleg sjå kor tungt dette arbeidet er. Tanken rett utafor huset sparar dei for mykje slit og gjev reinare vatn.
Me trefte og ein gjeng ungdommar som plantar tre på skular som ligg i tørre landskap. Dette prosjektet driv dei av fleire grunnar, også for å hjelpe ungdommar til å ha noko å gjere ilag, noko å jobbe imot og med det ikkje skulke skulen. Det var inspirerande å treffe unge menneske som gjerne vil gjere noko for samfunnet rundt seg.
For rundt eit og eit halvt år sidan besøkte eg Masol, og sidan da har eg ikkje klart å gløyme kva dei ønska seg: Ei kone ville ha hjelp til mennene omkring. Ho klaga ikkje, men ønskte at dei skulle få noko meir å gjere enn å drøse under eit tre heile dagen. Ho meinte dei kunne bidra meir i familien.
Eit anna ønske frå Masol var å få lære meir om talenta sine, så dei ikkje levde heile livet utan å vite kva dei faktisk har av talent.
No har desse to ønska resultert i vaksenopplæring. Dei peika ut ein lærar – han som allereie kunne lese og skrive – som no skulle lære dette vidare til andre vaksne menn og kvinner. Alderen på elevane er frå 35-60 år.
Det var ei stor oppleving å sjå godt vaksne menn sitjande på små krakkar i ei opning i krattskogen medan dei ivrig lærer seg alfabetet ilag. Dei kunne fortelje at ting hadde endra seg på denne plassen. Mennene hadde fått noko å gjere, dei forstår kvifor barna må møte på skulen sin kvar dag så dei ikkje mister undervisning, og dei bidrog meir i heimane. Utruleg kjekt å sjå at ønsker har blitt tatt tak i, dei har sett etter talent og ressursar dei har sjølv, og sett i gang.
Over slettene ut frå Chesta, mot fjella på den andre sida, drog me for å besøke ei ny kyrkje. Men dagen blei mykje meir innhaldsrik enn som så, for kyrkjearbeid skapar ringverknader i samfunnet.
Etter køyring i ein og ein halv time måtte me parkere bilen. Evangelist Joseph ville vise oss noko, så me hoppa tre personar på kvar pikipiki (motorsykkel) og køyrde innover mellom og under tre, gjennom tornekratt, over tørre elveleier og steinete parti. For ein tur! 15 minutt seinare var me framme.
Her arbeidde folk på åkrane sine langs den breie Kerio River, no fylt til kanten med strie straumar av vatn. Etter å ha vore på UYT workshop og lært å sjå på kva talent og ressursar dei har rundt seg, valte dei å dyrke her med god tilgang på vatn.
Deira tradisjonelle kosthald er mjølk og blod, så det å dyrke grønsaker er eit stort steg. Ein av dei me trefte på hadde rissa inn eit mønster på overarmen som viser at han har vore i eit raid, og at han var den som overlevde medan motstandaren ikkje gjorde det. Nokre av dei me snakka med kunne fortelje om at dei no hadde gått vekk frå dette livet med raiding for å skaffe kyr, og heller dyrkar sin eigen mat. Dei har starta kyrkje i dette området og håper å starte ein skule etter kvart. No er det ikkje tilbod om skule for dei som bur her, så dei har ein veg å gå. Men dei er i gang, takka vere nokre i nabobygda som ønska å gje dei evangeliet.
Sjølv gamlemor, som ikkje var sikker på alderen sin, var med og luka og jobba på åkeren til son sin. Flott dame med tradisjonell perlepynt og spytteklyser betre enn nokon mann eg kjenner. Innimellom jobbinga på jordet kokte ho mat på ei grue under eit tre. Ho serverte oss kokte maiskorn. Det var godt å få dele litt mat i lag.
På veg tilbake gjekk me eit stykke oppover elva til ein gjeng mødre med barn som sat under eit tre. Desse serverte oss chai i emaljekoppar som tåler alt. Så reiste me tilbake på motorsyklane. For ein dag. Eg trudde me skulle sjå eit kyrkjebygg, men enda opp med så mykje meir!
Den siste historia me skulle filme var om jenter som har rømt heimanfrå for å sleppe unna omskjering og tidleg ekteskap og heller gå på skule. Me trefte både ei av jentene som har rømt og mor hennar, som no er positiv til utdanning for døtrene. Ei av leiarane av arbeidet mot omskjering av kvinner fortalte om korleis hennar erfaring med omskjering var, ei hjarteskjerande historie!
Det ligg mykje tradisjon og kultur i dette, dei gjer det ikkje for å skade jentene sine. Nokre jenter vil og sjølv omskjerast, for det er vegen til å verte gift. Difor er det så viktig med opplæring og opplysning til alle delar av samfunnet om kva omskjering gjer med ei jente. På skulen lærer barna seg kampsongar mot praksisen.
Medan skulebarna song at omskjering av jenter gjer vondt og utdanning er vegen å gå, nærma me oss tid for reise heim. Men for ein tur!
Det som var veldig kjekt denne gong, var at me fekk sjå mange resultat av UYT-arbeid som har blitt gjort i dette området over tid. Det er inspirerande å sjå at familiar og samfunn vert endra som konsekvens av at folk lærer seg å bruke ressursar og talent dei har i seg sjølv og rundt seg.
Folk er ikkje så reint lite inspirert og oppløfta sjølv heller, når dei ser korleis dei sjølv kan betre eige liv og livet til folk rundt.