Kenyanske menn i nyplantet åker

Sjå kva du har

Me har fått så mange ulike talent av Gud. Likevel har me så lett for å sjå til dei andre. Men i Pokot i Kenya har ei ny haldning vakse fram.

Eg har fått vore på tur med Use Your Talents. Dette er ein bevegelse, eit verktøy, ein måte å jobbe på og ein måte å tenkje på. Bruk det du har. Ikkje sitt og vent på at nokon skal gje deg pengar, eller andre ting du treng, men sjå kva du har for handa.

I Pokot har denne måten å tenkje og arbeide på, verkeleg fått innpass.

    

Felles kunnskap og felles løft

Me fekk treffe fleire kvinnegrupper, som bruker det dei har til å gjere livet for seg, familien, samfunnet rundt dei, og kyrkja betre. Dei bruker kunnskapen dei har til å ale opp kyllingar, til å dyrke åkerlappen sin, til å plante nye tre, til å ha bikubar, til å samle regnvatn, til å lage medisin av urter, til å lage tradisjonelle handarbeid og til å låne pengar til og av kvarandre.

Ei gruppe samla inn pengar, og kvar månad kjøper dei ein vasstank og takrenner til ei av damene i gruppa. Slik får alle vatn nær husa sine. Dei bruker kunnskapen dei har, og dei deler denne og erfaringar dei har, med kvarandre. På denne måten bruker dei det dei har, til å gjere det betre for seg og dei rundt seg.

Dei engasjerer seg i lokalsamfunnet, i kyrkjene og skulane. Dei har ulike sjølvhjelpsgrupper. Her kan medlemmane få låne pengar til å starte ein liten business, for eksempel kjøpe kyllingar og ale opp eller kjøpe ein jordlapp, for så å kunne selje produktet sitt vidare. På denne måten får dei pengar til å sende barna på skulen.

Kvinne og vanntank
Verdifull ressurs:Ei av kvinnene i gruppa som kjøper vasstanker til kvarandre. I det tørre klimaet i Pokot er det ein stor ressurs å samle opp regnvatn. Anna Mathilde Lindefjell Dyrøy

Hjelp kvarandre

I ei kyrkje me var, hadde dei eigen brønn. Denne fekk lokalsamfunnet bruke gratis. Nokon kom og fylte kanner og køyrte rundt med, med kjerre, og selde vidare. Andre kom og henta til seg sjølv. På denne måten fekk lokalsamfunnet reint og trygt drikkevatn, utan å måtte betale for det.

Rundt forbi der me var på besøk, ser eg eit samhold, ei kjærleik til kvarandre. Dei hjelp kvarandre, passar på kvarandre, støttar kvarandre. Dei som har meir, hjelp dei som har mindre, utan å vere sjalu eller tenkje at det er urettferdig.

     

Gud gjev ulike gavar

Maite, som er koordinator for UYT-arbeidet i Misjonssambandet, fortalde historia frå Matteus 25,14–30 mange gonger på denne turen. Den eine tenaren fekk fem talentar, den neste fekk to, og den siste fekk ein. Dei to første brukte talenta på ein god måte, og dei vart dobla. Den siste brukte ikkje talenten i det heile, og den auka heller ikkje.

Me har fått så mange ulike talent av Gud, men me har så lett for å sjå til dei andre. «Dei har fått så mange fleire og betre talent enn eg.» Men me har alle fått ulike talent frå Gud – ektefelle er eit talent, barna, kunnskap, erfaring, songstemme, grått hår, ting me kan og liker å gjere. Alt dette er talent frå Gud.

Å få reise rundt og sjå folk som bruker sine talent, og at det gjev avkastning både på den eine og andre måten, det er kjekt! La oss bruke det Gud har gitt oss, ikkje sjå på sidemannen, kva han har fått. Me har fått ulike talent, for Gud treng oss alle.

  

Vil ikkje skapa avhengigheit

Det var ikkje alle plasser me var, kor dette fungerte like bra. Me opplevde ein plass me kom, at dei hadde lest og undervist denne historia på ein heilt anna måte enn me er vant med å gjera. Her tenkte dei kun på talent som pengar. Og skuffelsen var tydeleg å lese i ansikta deira når me ikkje kom med pengar til dei.

Me prøvde å vri det: Kva har dykk, korleis kan dykk bruke det dykk har, slik at dykk oppnår det dykk vil? Det var vanskeleg å nå inn, men kanskje ikkje så rart, viss denne historia alltid har handla om pengar for dei. Håper Maite fekk sådd eit lite frø her om at dei har mange talent, dei må berre finne dei og bruke dei!

 

Les meir frå turen:

Framtida sikra med tre hengelåser

Agronomen som ikkje fekk jobb

Anna Mathilde Lindefjell Dyrøy

Utsending