Med eit godt låst pengeskrin, pågangsmot og felles innsats har kvinnegruppa brukt talenta sine til å sikre både kvarandre og kyrkja ein tryggare økonomi og ei lysare framtid.
I kyrkjelyden Kiwanja Ndege i Kenya har ca. 40 kvinner gått ilag og danna ei kvinnegruppe.
Dei har hatt denne gruppa i fleire år, utan at den fungerte. Så var det nokon som hadde eit seminar i «Use Your Talents». Etter dette fekk dei sving på gruppa.
Denne gjengen hjelper kvarandre, står saman og har ulike prosjekter. Dei har gode, klare regler, slik at det skal fungere.
Kvar laurdag morgon klokka 9 møtes dei for samling, som varer akkurat 1 time, ikkje meir. Om du kjem for seint, snakkar når du ikkje skal, eller telefonen din ringer under samlinga, må du betale bot til gruppa. Slik får ein inn litt ekstra pengar.
Denne gjengen har støtte i mennene sine, i den forstand at dei lar dei gå på desse møta kvar laurdag. Dei fortel at det er damene ein kan stole på her, ikkje mennene.
Kvinnegruppa har blant anna kjøpt inn telt og 200 stoler dei leiger ut. Dei kjøper inn kyllingar, slik at alle medlemmane kan ale opp til eige bruk og til kyrkja. Dei deler kunnskapen dei har om å ale opp kyllingar og går på besøk til kvarandre for å hjelpe kvarandre til å lukkas.
Dei bidrar med det dei kan til felleskassa. Felleskassa er ein stålboks med 3 hengelåsar. Nøklane til låsane er ulike, og dei er plassert sjå tre ulike damer i gruppa, boksen sjå ei fjerde. Pengane i kassa blir blant anna brukt til å kjøpe geit til gruppemedlemmane. Når ein i gruppa får ei geit, og denne geita får killing, blir killingen gitt vidare til eit av dei andre medlemmane som ikkje har fått geit enda. Slik hjelper dei kvarandre til å få det betre.
Dei har og ein liten planteskule. Her dyrkar dei ulike tre, som dei kan plante i sine eigne hagar, i kyrkja og ved skular rundt om. Dette området har eit problem med at mange tre blir saga ned, for trea trengst blant anna til vedfyring. Dette igjen fører til tørre områder, og nokon plasser erosjon. Derfor er det så viktig med nye tre!
Dersom dei har fleire tre igjen, selges desse, og pengane går tilbake til gruppa. No låner dei eit område til å ha dette prosjektet på, men dei drøymer om å kjøpe sitt eige landområde å dyrke på. Då me besøkte desse damene, hadde dei mange små tre klare, dei venta berre på at regnet skulle kome, så dei kunne plante dei.
På slutten av året er det oppgjer. Då skal sjølvsagt kyrkja ha sin del, før dei legg til side ein del til neste års prosjekter. Resten av pengane blir delt mellom medlemmane.
Dersom nokon av medlemmane ynskjer å starte ein liten business, eller treng eit lån, kan dei låne av kassa. Alt blir nøye dokumentert, og om du ikkje betalar tilbake, blir du tatt med til politiet.
Denne gruppa fungerer så bra, at dette har spreia seg i lokalsamfunnet. Kvinner frå andre kyrkjer har kome til denne for å vere ein del av dette samfunnet og prosjektet.
Les meir frå Use Your Talents-arbeidet i Kenya her: Talent for å støtte jenter i Pokot