Cherries

Moreller og sånn

MINIANDAKT: – Kjære Jesus! Skap i meg det frimotet eg treng for å dele evangeliet med menneska rundt meg

Om morellene ikkje vart plukka snart, ville dei deise i bakken utan å vere til glede for nokonMen enno hang bæra der dei skulle. Det var berre å strekke handa ut og gripe. 

Me plukkaåt og samla for å ha noko å dele. Så heiv me oss på telefonen. Dette kunne me rett og slett ikkje halde for oss sjølve. Andre måtte få vite! 

På heimvegedukka det opp ein ransakande tanke i hovudet mitt: 

Kvifor er eg meir entusiastisk over å kunne dele nyhetene om billige moreller enn eg er for å dele trua mi? Kvar blir det av denne boblande begeistringa når eg har har høve til å dele det som verkeleg betyr noko?  

Eg har ikkje svaret. Men eg anar kvar løysinga er å finne:  

Kjære Jesus! Skap i meg det frimotet eg treng for å dele evangeliet med menneska rundt meg. Gjer meg til eit begeistra vitne for di sak! Amen!