People eating

God middag!

Det er mykje godt å sei om sauekjøt. Men når det luktar fårikål frå kjøkenet for tredje dag på rad, er det ikkje mykje entusiasme å spore rundt middagsbordet.

Responsen frå ungane kan faktisk minne litt om den eg får når eg vilkårleg slår opp i barnebibelen og startar på ei forteljing dei allereie har høyrt ein million gonger før. Det er mykje godt å seie om Sakkeus, men ein pageturner er han ikkje!

Det er ikkje så rart om borna føler seg fint ferdig med heile Bibelen, når dei berre blir presentert dei same gamle historiane kveld etter kveld. Difor er det viktig for meg å introdusere dei for andre og mindre kjente bibelforteljingar også. Men sjølv om eg forsøker å utvida repetoaret, er det jo ikkje til å unngå at eg innimellom les forteljingar dei har høyrt før.

Det er faktisk næring i velkjent mat også!

Her er det middagsmetaforen slår inn for fullt: Det er faktisk næring i velkjent mat også! Ok, så var det kanskje ikkje så spennande med dei fårikålrestane. Men dei heldt deg mett og i live. Og til helga skal eg lage indisk lammegryte av fårikålkjøtet.

Matteus, 4,4: Jesus svara: «Det står skrive: Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.