Tekstplakat ung konfirmant

Ung:Konfirmant

Dette er eit år kor me tek eit djupdukk i Bibelen og ynskjer å bli kjent/betre kjent med Jesus. Ung:Konfirmant er eit av Misjonssambandet sine konfirmasjonsopplegg i Midt-Norge, og er frå 8. klasse.

Ung:Konfirmant er det fyrste trinnet i Misjonssambandet Midt-Norge sitt treårige disippeltreningsprogram.

Me tilbyr eit fullverdig konfirmasjonsopplegg med god undervisning, møter, aktivitetar og sosialt. Likevel vil me anbefale at konfirmantane i tillegg er knytta opp til si lokale forsamling for å byggje relasjonar lokalt. Etter fullført program kan du konfirmere deg i di lokale forsamling. Dersom ein konfirmant ikkje er tilknytta ei lokal forsmling, gje oss beskjed om det, så prøver me å finne ei løysing. Du kan velgje om du vil byrje på Ung:Konfirmant i 8.klasse eller 9.klasse.

Vårt hovudynskje er at deltakarane på Ung:Konfirmant skal få bli kjent med Jesus. Dette vil me gjera gjennom god og bibelnær trusopplæring. Det er eit år kor ein tek eit djupdukk i Bibelen og vert kjend med kva denne spanande boka inneheld av skattar, openberringar og sanningar om kven Gud er og kva han har gjort for oss.

I tillegg til bibelundervisninga er det sosiale fellesskapet viktig. Gjennom året skal du som konfirmant få vera med på mange spanande aktivitetar. Både som del av ei konfirmantgruppe, men og saman med dei andre ungdommane som fylgjer Ung:Disippel.

Pris

1530 kr pr. deltaker pr. leir.

Medlemsskap i Ung:Disippel

Ved påmelding til Ung:Konfirmant blir ein medlem i laget/fellesskapet «Ung:Disippel». Medlemskontingenten er 50 kr pr år og vert betalt ved fyrste leir i året. Dette gjer at me får midler som igjen kjem deltakarane til gode på leir. 

Undervisning

Undervisningen i Ung:Konfirmant består av tre hovedbolker:

  • Truslære: Her skal me læra kva som ligg i dei viktige kristne omgrepa treeinigheit, rettferdiggjering, helliggjering, nåde, nattverd, dåp og bøn.
  • Bibelfag: Her går me konkret gjennom ulike bøkene i Bibelen, mellom anna evangelia, urhistoria, kongetida og profetane. Me kjem òg til å læra spanande bakgrunnsstoff om Bibelen, korleis den er blitt til og korleis den er bygga opp.
  • Etikk og misjon: Her skal me visa på kva måte Bibelen er aktuell inn i vår kvardag og sjå kva den seier om fleire aktuelle problemstillingar i dag som seksualitet, rusmidler og naturvern. Me går òg inn på kva misjon er, og kvifor me driv misjon.
    Dette blir ein liten forsmak på eit av hovedtemaa på Ung:Etterfølger.

Tid og stad

  • 31.oktober - 2. november, Laberget leirsted
  • 24. - 26.april, Laberget leirsted

Påmelding


Her kan du melde deg på den Ung:Disippel 31. oktober - 2. november .

Har du spørsmål om påmelding - send epost til midtnorge@nlm.no