Tekstplakat ung etterfølger

Ung:Etterfølger

På Ung:Etterfølger skal me ta med oss det me har lært om Jesus og bruke det i våre liv. Som etterfylgjarar av Jesus vil me prøve å verta meir like han.

Dette er eit år som handlar om å vera ein etterfylgjar av Jesus, ein disippel hjå han. Me kan lære mange ting frå og om Bibelen, men let me Guds ord forandre oss? Disiplane til Jesus var ein gjeng med vanskelege, ulike, unike, eigenrådige menneske. Men likevel elska Jesus dei, valde dei og utrusta dei. Me kan og vera Jesu disiplar om me let oss påverke av han i kvardagen.

Me ynskjer at Ung:Etterfølger skal hjelpe oss til å finne ut kven Jesus er og kva han kan bety i våre liv og i vår kvardag. Me vil og snakke om korleis me kan bruke våre liv i teneste for han slik at andre vert kjend med Jesus gjennom oss.

Ein stor del av Ung:Ettefølger vil og vera å byggje fellesskap med andre unge kristne på vår eigen alder. Både innad i Ung:Etterfølgergruppa, men og saman med dei andre trinna i Ung:Disippel.

Pris

1530 kr pr. deltaker pr. leir.

Medlemsskap i Ung:Disippel

Ved påmelding til Ung:Etterfølger blir ein medlem i laget/fellesskapet «Ung:Disippel». Medlemskontingenten er 50 kr pr år og vert betalt ved fyrste leir i året. Dette gjer at me får midler som igjen kjem deltakarane til gode på leir.

Undervisning

Ung:Etterfølger ynskjer å fokusera på fylgjande fag:

  • Disippeltrening: Gjennom dette faget vil me setja fokus på at me er Jesu disiplar, og korleis me kan vera det i kvardagen vår.
  • Personleg trusliv: Jesus smitter frå hjarta til hjarta. Me ynskjer ar Jesus skal få bli personleg for deltakarane og at me skal få kjenne på korleis det han har gjort for oss på krossen forandrar liva våre.  
  • Identitet og sjølvforståing: Kven er eg? Det er eit spørsmål mange unge stiller seg i dag. Korleis ein finn dette svaret har mye å si for korleis me ser på oss sjølv. Me ynskjer å peike på at svaret på dette spørsmålet er i Bibelen
  • Impulser fra verda: I dagens samfunn er det mange vanskelege problemstillingar som ikkje alltid er like lette å finne svaret på. Bibelen er òg aktuell i dessee problemstillingene, bli med å utforske Bibelen i det 21. århundret.

Ung:Etterfølger er for deg som går i 9. eller 10.klasse og oppover. For å vera med her må du ha gjennomført Ung:Konfirmant eller eit anna konfirmantopplegg (Ta kontakt om dette ikkje er tilfelle så kan me ta ein prat). Du må ha gjennomført Ung:Etterfølger for å kunne gå vidare på Ung:Leder.

Dato og stad

  • 31.oktober - 2. november, Laberget leirsted
  • 24. - 26.april, Laberget leirsted

Påmelding   

Her kan du melde deg på den Ung:Disippel 31. oktober - 2. november .

Har du spørsmål om påmelding - send epost til midtnorge@nlm.no.