Ein skulle kanskje tru det var snakk om ein kina-restaurant, men her handlar det meir om åndeleg føde og kinamisjon. Misjonsforeininga på Valderøya tok Hong Kong namnet då nokre av sambygdingane deira reiste som misjonærar til nettopp Hong Kong.
Annankvar veke samlast ni damer til foreining. Dei møtast i heimane og det kvar sin gong å lage til. God mat høyrer sjølvsagt med.
Mariann Runde har vore med i foreininga i over 40 år.
«Før hadde vi maten til slutt, men det vart så mykje jabbing (prat) og kaffi at folk sleit med å få sove etterpå. No startar vi med mat og får jabbe frå oss litt tidlegare på kvelden», seier Mariann med eit smil.
«Så les vi eit kapittel frå Bibelen og samtalar rundt det. Vi har brukt litt forskjellige bøker også, men vi synest det fungerar vel så godt slik vi gjer det no. Aktuelt misjonsstoff, t.d. frå Utsyn, høyrer med. Så ber vi for og med kvarandre, og for misjonærane våre. Kollekt høyrer med kvar gong. Til avslutning syng vi alltid «Hver dag er en sjelden gave».
Kvar vår arrangerar foreininga opne møter på bedehuset. Denne veka i mars var det songkrefter kvar kveld og godt oppmøte. Oscar Nordbø talte. Laurdagen var der utlodning, - med garantert gevinst til alle borna. Resten måtte kjøpe årar utan garanti. Men gevinstane var flotte,– ein bråte med fruktkorger pluss andre fine gevinstar. Berre denne eine kvelden kom det inn omlag 27 000,- kroner.
Det krev vel ein del arbeid å arrangere ei sånn møteveke?
«Ja, det er mykje som skal på plass, songkrefter, lyd og lys, pianist. Mange skal spørjas så vi startar tidleg. Gevinstane til utlodning ordnar vi sjølve. Før gjekk det i kaker, men fruktkorger er betre. Nokre kjem med strikka ting til gevinstar også. Vi har t.d. ein fast lesteleverandør!»
Kva betyr foreininga for deg?
«Mykje», seier Mariann. «Det er godt å ha noko fast. Tidvis har livet vore hektisk. Då har det vore godt å ha foreininga, få kome saman, lese Bibelen og få be saman. Her har eg fått styrkt trua og fellesskapet her har vore med og bore meg»