Eg skriv nytt, men det er ikkje underet som er nytt. Det skjer på ny. Me er no i gong med førebuingane for at eit nytt barn skal gå frå død til liv i dåpen.
Av "Jens," utsending i Mongolia.
Ein av familiane eg har fått arbeidd lenge med i denne landsbyen i Vest-Mongolia kom for nokre veker sidan og spurde om det nye barnet deira kunne døypast. Sjølvsagt kan det! Men ikkje utan enkelte førebuingar fyrst.
Dåpssamtalen hadde eg med dei tidlegare denne veka. Det var til dels krevjande då dei ikkje har vore jamt på kristne samlingar dei siste månadane. Familiesituasjon og buførehald gjorde at denne familien som er den einaste kristne i storfamilien ikkje kunne gå på noko kristent utan at det førte med seg relativt store konsekvensar i form av utfrysing, baksnakking og regelrett mobbing i heimen. Kva tankar har dei rundt det å døype barnet sitt inn i eit kristent fellesskap dei sjølv ikkje deltek i? Heldigvis ser det ut til at busituasjonen deira er i endring no og at dei igjen kan møtast med sysken i trua. Noko anna positivt som kom fram i samtalen var at kona har begynt å lese Bibelen fast. Dei kan ikkje ha ein fysisk Bibel i huset, den vil forsvinna på mystisk vis så snart dei er ute. Men kvar dag før jobb les ho Bibelen på telefonen, og på kveldane ber dei i lag.
Noko anna som må førebuast er dåpsliturgien. Det er ikkje den første dåpen som skjer her og på dette språket, men etter tips frå ein teolog i Noreg og etter å ha samtalen med foreldra skal me også leggje inn ein enkel “eksorsisme” i bøna for barnet før dåpen. Det var visstnok standard praksis i Noreg for nokre hundre år sidan. Her er det høgaktuelt enno. Sjamanismen står sterkt og eg har stadig vekk sett borna til dette paret med amulettar besteforeldra, av god vilje, har hengt på borna for å beskytte dei. Hadde dei berre kunne fått openberra at “Gud er mitt vern” som det står i salme 18.
Så er det invitasjon av gjester og mat. Det er diverre ingen møtelokale eller liknande som hadde vore bra for kristne å bruke her i byen. Så dåpshandling og påfølgjande fest vert heime hjå meg. Som vert står eg også ansvarleg for maten. Så det vert nok å bestille pizza denne gongen også. Heldigvis framleis ansett som eksklusivt og spanande her. Men fyrst må me finna ut kor mange som kjem. Eg fekk ansvaret for å invitere andre utsendingar denne familien kjenner, dei sjølv skulle invitere lokale trussysken. Med ein kultur der tida kjem og ikkje går, vert det sannsynlegvis travelt siste dagen.
Men den viktigaste førebuinga me kan gjere før denne dagen er bøn. Bøn for familien, spesielt for barnet som skal berast fram. Bøn for det praktiske. Bøn for hjarto til dei som kjem, at Guds ord skal få god plass der. Og der vonar eg at de i Noreg kan vera med å hjelpe! Eg har i eit par kortare periodar reist rundt i Noreg og fortalt om arbeidet i Mongolia, og for å skrive her som eg har sagt til mange der. Eg er overtydd om at det tyngste arbeidet skjer i Noreg der folk sit i bøn for oss som er utsend men også for dei lokale kristne. Og så er me så heldige og får lov å vera her å sjå fruktene av alt bønearbeidet!