
I Grandhagen aktivitetspark (GAP) møter me dagleg born og ungdom frå nærmiljøet. GAP har som mål å møte born og unge, skape frivilligheit og å formidle den gode bodskapen om Jesus til dei me møter.
Me driv arbeid i to byar her i Vest-Mongolia, og i begge desse byane har me aktivitetsparkar. Når ein nærmer seg aktivitetsparkane er det vanleg å høyre både lått og lyd frå born i aktivitet.
Ein ville kanskje tenkt at sommaren er den travlaste tida, men i sommarferien reiser dei fleste til landsbygda for å besøke familiane sine. Det er mange som er innom gjennom året, men det er på vinteren aktivitetsparken i Khovd får flest besøkande.
‒ Eg likar å huske og spele badminton med venene mine. Det er noko av det kjekkaste med å vere i parken, fortel ei jente på 10 år. ‒ Hovudforskjellen på her og andre plassar er at det er mogleg å gå inn i paviljongen eller geren når det er mykje sol og varmt eller minusgrader og kaldt, fortel ho.
Det er ikkje berre i Khovd det kjem born. I løpet av hausten 2023 vart ein ny aktivitetspark i Bayan-Ulgii starta, og no er det rundt femti born innom kvar dag!
I denne parken arbeider alltid lokale, desse får byggje relasjonar på ein annan måte enn det me norske kan.
Eit av måla for GAP er nemleg å skape ein møteplass for relasjonsbygging. I dette området kan me ikkje drive tradisjonell misjonsverksemd, noko som set retning for korleis me arbeider.
Går ein gatelangs her i Vest-Mongolia, treff ein born og ungdom som er ute heile sommarhalvåret. Det er ikkje så mykje å ta seg til. Dei er på skulen nokre timar kvar dag. Ein finn lite fritidstilbod for born og ungdom, men dette er i endring. Byane har fleire aktivitets- og leikeplassar, med ein del besøkande kvar dag. Kva gjer GAP annleis enn desse?
‒ Plassen er «happy» og noko annleis. Det finnes ikkje andre plassar i byen som har fungerande volleyballnett, utanom i idrettshallane og eit par av skulane. For dei som likar volleyball og har lyst til å spele utanom trening, er det ikkje så mange alternativ, fortel ein guttegjeng med 16-åringer.
GAP vart ein draum som vart ein moglegheit, då ein skøyteglad utsending laga ein liten isbane til eige bruk, inne på tomta til Misjonssambandet i Khovd.
Dette vart lagt merke til av borna, og dei kom og spurde om å få gå på skøyter, han lånte ut dei para med skøyter han hadde. Ordet om bana spreia seg blant born og ungdom, etter kvart stod dei ein time i kø for å kunne stå på skøyter.
Det vart behov for fleire skøyter, og utsendingane såg behovet og moglegheit for å lage eit aktivitetstilbod, spesielt på vinteren. Dette vart byrjinga av prosjektet. Eit av spørsmåla var korleis dei kunne syne Jesu kjærleik, noko som er i tråd med konseptet Use Your Talents (UYT).
Utsendingane hadde eit ynskje om å møte born og ungdom på deira premisser, syne omsorg, byggje relasjonar og formidle den gode bodskapen om Jesus til menneske i Vest-Mongolia. Samstundes som ein legg til rette for eit aktivitetstilbod året rundt.
Kvar dag møter me eit mangfald menneske i parkane. Nokre kjem jamleg, andre møter me kanskje berre ein gong. Dei som kjem innom fleire gongar, er me heldige å få bli litt kjend med.
Me lyttar og bruker tid i lag med borna og ungdomane, ved å spele bordtennis, fotball, dam eller volleyball. Me bygg relasjonar, og forhåpentlegvis får me moglegheiter til å dele evangeliet. Det skjer.
I haust spurde ein ungdom me hadde brukt ein del tid med i parken om kvifor me eigentleg var her i Mongolia. Sjølv om me nokre områder i Mongolia ikkje kan drive tradisjonell misjonsverksemd, kan me svare på spørsmål. Me skulle gjerne sagt mykje meir enn me gjorde, men det var gledeleg å få spørsmålet og moglegheita til å svare!
No håper me berre at me får moglegheit til å invitere han med i ungdomsgruppa og andre ting som skjer.
Parken vert ikkje berre nytta som eit reint aktivitetstilbod, men me ser at det vert arrangert leire, og kyrkjerelaterte aktivitetar, samt at andre arrangement, der i blant samarbeid med det tidlegare prosjektet for barn med funksjonsnedsetjing. Både dei lokale og utsendingane gler seg over GAP, det er ein trygg og god møteplass.
Fleire born og unge får møte med Jesus, om berre gjennom krossen i logoen, og for nokre kvar veke gjennom kyrkjas ungdomsklubb i parken. Me ser tendensar til åtferdsendring hjå ungdommane i parken og har fått vere vitne til at ein i ungdomsgruppa i kyrkja har starta å lese i Bibelen og ber høgt. Det er stort!
Vidare ser me at ungdomane som speler hockey hjelper sjølv til gjennom vinteren. Nokre av dei kristne vert frivillege gjennom UYT, kyrkjene ynskjer å låne parken og arrangerer noko saman, dessuten nyttar ungdomsgrupper parken. Me ser at det blir forma eigarskap. Stega er kanskje små, men dei er der.