Hester ved elv

Vil du vere med på Campingtur?

Eg er så takksam for at dører opnar seg og at me får moglegheiter til å møte menneske på deira vandring med Jesus.

For nokre veker sidan fekk eg ein telefon frå ei av ungdommane me arbeider med i ei minoritetsfolkegruppe her i Vest-Mongolia. Ho lurte på om ikkje eg hadde lyst til å vere med ho og nokre av hennar venninner på campingtur. Det var noko eg hadde veldig lyst til, me måtte berre finne eit godt tidspunkt. Tidspunktet for turen vart no i slutten av juni. Ei av dei andre utsendingane, eg, pluss fem lokale jenter planla campingtur til ei elv ikkje så langt unna byen. Kan tru folk stirra når me skulle på marknaden for å handla inn mat, når eg, som utlending gjekk arm i arm med ei lokal jente. I kulturen her er det vanleg å gå arm i arm med vener eller nokon ein er trygg på, så det er noko eg har måtte både lære og stadig arbeidar med å blir komfortabel med.

 

Alt skal lærast

Då me kom oss på tur hadde me full bil av folk og ting, god stemning og mykje mat. Det ein treng for campingtur med ungdommar! Etter rundt ein time køyring kom me fram til plassen me skulle lage camp. Det er mange ting som skal lærast, som for eksempel at sjølv om utsikta er best frå ein plass, tyder det ikkje at det er den beste plassen å setje opp eit telt. Setje opp telt er óg ein ting eg som nordmann er van med frå heime, og gløymer litt at ikkje alle kan, ikkje minst i eit land kor nesten alle set opp gerar (mongolske runde telt, óg kalla yurt) i løpet av året. Me fekk vere med å lage tradisjonell mat, på relativt tradisjonelt vis. Største forskjellen var at me gjekk for å koke på gassbrennar i staden for å koke på bål. Til vanleg får me ofte servert sau eller hest, men denne gongen gjekk dei for kukjøtt i staden.

 

Matlaging på campingtur
Matlaging:To av jentene lagar tradisjonell mat på gassbrennar Emely Nikola Amdal

Å få bu i Herrens hus alle mine dagar

Etter middag og opprydding sat me oss ned med gitarar, songbøker og biblar. Det er stort og verdifullt å få kome saman med desse jentene å lovprise Gud i lag. Dei leder i lovsong, og dei les bibelen høgt og deler med frimod. Tankane og refleksjonane deira er gode, dei løfter fram forståing av Guds ord, og det er ingen sjølvfølge, sjølv ikkje for 15-16 åringar i Noreg. Denne gjengen inspirerar meg kvar gong me kjem saman. Saman las med Salme 27, me kom innpå mange tema, og fekk løfta opp det at sjølv om alle ting rundt oss ikkje er perfekte og ideelle handlar det til sjuande og sist om at me alle ynskjer som vers 4 seier, «Eitt bed eg Herren om, dette ønskjer eg: å få bu i Herrens hus alle mine dagar, så eg kan sjå Herrens venleik og vera i hans tempel.» Vidare lev me bland eit folk som har veldig låg terskel for å krenke kvarandre og koma i ueinigheit med kvarandre. Ei av jentene kommenterte på at dette var noko ho syns var vanskeleg. Då fekk me peike på slutninga av salmen, og det at Gud, han er med oss, han elskar oss og ynskjer å ha med oss å gjere. Det er ingenting som kan skilje oss frå Guds kjærleik. Men at Gud elskar alle menneske, ikkje berre me som kjenner han, men absolutt alle, lika mykje som han elskar oss. Han døydde ikkje berre for dei som kjenner han, men også for dei som ikkje kjenner han, ikkje har høyrd og dei som har valt han vekk. Dette var eit innspel som både vart samtykka av jentene, men óg vart til ettertanke. Me avslutta med å få be i lag. Turen vart alt i alt innhaldsrik, jentene gjekk for bading i elva, fjelltur, kortspel og fellesskap i ein salig miks, eg vonar dei ynskjer å reise på fleire campingturar ved seinare høve.

 

Ver veldig gjerne med å be for desse jentene, dei kjem frå ulike bakgrunnar og frå ulike familiar. Be om at dei skal få bli betre kjend med Gud, og at dei skal få dele med sine vener, sin familie og at dei skal få sjå Jesus sine hender til verks rundt dei i sin kvardag.

 

Men eg er viss på at eg skal sjå kor god Herren er, her i livsens land. Set di von til Herren! Ver frimodig og sterk, ja, set di von til Herren! Salme 27.13-14.

Emely Nikola Joa Amdal

Utsending
Område