Fellesgudstjeneste i Arequipa

Reformasjonsfeiring i Arequipa

Det var ikkje mangel på godsakene då det vart arrangert reformasjonsfeiring siste helga i oktober.

I Peru er det tradisjon for fellesgudsteneste i høve reformasjonsdagen kvart år. I år var det i Arequipa ikkje berre fellesgudsteneste på sundagen, men òg musikkfestival på laurdagen. På laurdagen bidrog difor dei fleste lokalkyrkjene i Arequipa med forskjellige musikalske innslag. Dei fleste hadde jobba godt med antrekka, og det var nye genserar, tradisjonelle klede og matchande t-skjorter.

 

 I Ordet

Sundagen var det gudsteneste der sonepastor Fabian Morales talte over Johannes 8:31-36. Han ville utfordre dei som hadde møtt opp og snakka om at det kan vere enkelt å kome på ei gudsteneste, men at det ikkje alltid er like enkelt å bli verande i Guds ord. Vidare kom ei utfordring om gå ut med evangeliet.

Ettersom det var reformasjonsfeiring var det sjølvsagt eit historisk riss frå reformasjonen, pastor Rodolfo Nuñez snakka detaljert om reformasjon, og viktigheita av den for den evangelisk lutherske kyrkja. Men han la og sterk vekt på at Luther berre var eit instrument for evangeliet.

 

 Godt salg

Noko av det som var nytt i år var at det blei seld bakst frå «bakeriet» og kaffi som var brent på «brenneriet» på misjonens tomt i Arequipa.

IEL-P, Misjonssambandet og SETELA jobbar aktivt med å sjå på korleis ein kan generere inntekter til kyrkja og til teologisk utdanning. Det siste tilskotet i prosjektet er eit bakeri. Til no har det vore litt sal for å prøve seg fram, men i helga var det skikkeleg utsal.

Fleire hundre rundstykker, boller og pizzaboller blei seld samt litervis med kvatitetskaffi. Utsalet var ein suksess, og prosjektgruppa opnar no  meir opp for at det er mogleg å bestille båe bakst og kaffi.

Stor aktivitet på bakeriet
Marianne T. Lindtjørn
Godt salg av bakevarer og kaffe
Svein Lindtjørn