Paracet-pakke og gripekors

Eit anna bønesvar

Ting går ikkje alltid etter planen, anten ein er i Norge eller i Mongolia. Då er det godt at vi har ein Gud som kan gje krefter – og som kan snu det vanskelege til noko positivt.

Hausten er tydelegvis tida for omgangssjuke på andre sida av verda òg. Slik som heime er det like kjedeleg, ubehageleg og slitsamt kvar gong det treff. Men nokre gonger er timinga ekstra dårleg.

I starten av november skulle me nemleg få besøk av ein gjeng med seks flotte ungdommar frå Noreg som er misjonsprosjekt-ansvarlege på tre av Misjonssambandets vidaregåande skular. Leif, mannen min, var ein av dei ansvarlege for opplegget dei skulle ha (sjå eige blogginnlegg).

Litt ekstra stas var det at to av ungdommane er Leifs og mine tidlegare elevar frå Kvitsund Gymnas, der me var lærarar i sju år før me reiste ut i haust. Borna våre gleda seg også veldig til å få besøk av ungdommane frå Noreg, til å ha dei både på frukost og middag og leiking i den nye heimen vår her i Mongolia.

  

Kjeppar i hjula

Som tenkt, så ikkje gjort. Dessverre. Same dag som elevane landa i Mongolia, kom første runde med oppkast på vår mellomste. Først håpa me at det berre var ho som hadde fått i seg noko lumskheiter på kafeen vi var på dagen før. Men då storebror følgde etter neste dag, blei det tydeleg at dette var noko smittsamt, for han var ikkje med på kafeen.

Me utsette middagsbesøket av elevane og håpa ungane ville vere symptomfrie dagen etter. Å smitte dei seks elevane med omgangssjuke på deira ti-dagars misjonstur var verkeleg ikkje det me hadde lyst til. Me hadde to dagar på oss på å invitere på middag, og i aller verste fall frukost på avreisedagen frå byen vår før dei skulle vidare på ferda.

Me sende ut forbønsmelding til fleire der heime i Noreg som har lova å stå med oss i bøn. Både fordi ungane var ganske så pjuske, fordi Leif trengte helse og krefter til eit fullt program med elevane, og fordi me og ungane våre så gjerne ville ha besøk heime hjå oss. I tillegg var det ei nokså sliten mor som var mykje aleine med sjuke ungar.

  

Ei god løysing

Eg er ganske sikker på at Gud kom med eit bønesvar, men det var ikkje heilt slik me hadde tenkt eller bedt om.

Ungane var ikkje symptomfrie verken første, andre eller tredje dagen med besøk frå Noreg, og me måtte avlyse alle besøka. I staden for trådde dei andre utsendingane til. Dei inviterte heim til seg, og steppa inn som «vikarar» når eg og Leif trengte å vere to vaksne i heimen.

Paulus sine ord om lemene på kroppen som treng kvarandre, blei vist i praksis. Elevane fortalde etterpå at dei syntest dei hadde møtt så mange fine utsendingar her, og det er eg heilt einig i!

Den siste middagen for elevane var likevel ei lita nøtt. Eg bad, eller kanskje mest sukka, til Gud den morgonen. Like etterpå kom eg på ein idé. Me hadde ikkje lyst til at hushjelpa og dagmammaen vår skulle kome på jobb hos oss når ungane var som mest smittsame. Men dei blir betalte for timane dei jobbar, og me veit at dei treng løna si kvar dag. Så kva med å kombinere desse to utfordringane og finne ei løysing?

I staden for at dei var i huset vårt og jobba denne dagen, drog dei på markedet og handla inn ingrediensar. Deretter lagde dei store porsjonar av mongolsk mat. Middag denne dagen blei servert til dei norske elevane saman med alle Misjonssambandet-tilsetje her, både dei norske og dei lokale. Det blei god stemning og ei fin oppleving.

  

Eit viktig møte

I tillegg fekk dei etter middag sjå på handarbeidet til dagmammaen vår og fekk kjøpt seg nokre suvenirar. Med ei mor som treng mykje dyr helsehjelp om dagen, var dette ei kjærkomen ekstrainntekt for ho.

Dessutan delte ho vitnesbyrdet sitt til ungdommane om korleis ho for nokre år sidan blei kristen som den einaste i sin familie, og korleis ho framleis trur på Jesus, sjølv om det kostar. Historia hennar gjorde inntrykk på elevane.

  

Ein kvardagshjelpar

Eg trur ikkje Gud meinte at ungane mine skulle vere sjuke mens det var besøk frå Noreg. Men Han hjelpte oss å finne løysingar og svar på problema som oppstod, sjølv om det ikkje var akkurat slik me hadde tenkt.

Han gav styrke gjennom sjukdomsdagane med mykje jobb både ute og heime, Han sendte dei andre utsendingane til å hjelpe når me ikkje strakk til, Han gav oss idear om andre og meiningsfulle «erstatningar» til det først tenkte programmet. Det er godt å ha ein Gud som er med i kvardagen!

Kjersti Ofte Leland

Utsending