Hånd blar i bibel

Frivillige forkynnarar

Er det vanskeleg å finna talar til møta? Her finn du kanskje tips til nokon du kan spørja.

Møteverksemda varierer i dei ulike områda og bygdene. Nokre har ofte møte, andre sjeldnare. Nokre har faste møte, andre meir tilfeldig.

Me ønskjer å oppmuntra og legga til rette for at det kan vera fleire møte rundt omkring. M.a. derfor har me laga ei liste over frivillige forkynnarar – personar som har sagt ja til å bruka litt av fritida si til å tala på møte og samlingar i området vårt.

 

Ikkje gje opp

Nokre kan ta fleire møte enn andre, og dette gjer dei på fritida, så det er ikkje sikkert det passar for den første du spør. Men, ikkje gje opp om den første (eller andre eller tredje…) svarer nei. Prøv vidare! Tenk gjerne også litt på reisetida, særleg om det er møte på kveldstid, med påfølgande arbeidsdag.

Kort sagt: Spør i veg, men ver også snar til å akseptera eit nei. Berre slik kan denne ordninga fungera, for alle partar. Og hugs at eit nei ikkje betyr at du ikkje kan spørja igjen, men at akkurat denne gongen passa det ikkje.

Du kan sjølvsagt også kontakta regionkontoret, så ordnar me talar til deg!

 

Fleire på lista?

Det er ganske sikkert fleire som kunne ha vore med på ei slik liste. Kanskje du kunne tenke deg det sjølv? Eller du tenkjer på andre? Ta gjerne kontakt. Me skulle gjerne hatt fleire med, både frå Hordaland, frå Sogn og frå Fjordane.

 

Me treng Guds ord, og me treng fellesskapet. La oss oppmuntra kvarandre til å samlast. «Med eitt sinn samla dei seg kvar dag på tempelplassen, og i heimane braut dei brødet og åt i lag med ekte og inderleg glede. Dei song og lova Gud og var godt lika av alt folket. Og kvar dag la Herren til nye som lét seg frelsa.» (Apgj 2,46-47)

 

Last ned lista her!