To menn smiler mot kamera

Pastor i Ørsta Volda Misjonsforsamling

Misjonssambandet nordvest søker pastor i Ørsta Volda Misjonsforsamling.

Norsk Luthersk Misjonssamband har eit stort og allsidig arbeid både i Noreg og mange andre land. Region nordvest består av ca. 200 misjonsfellesskap i Møre og Romsdal. I regionen satsar vi på å starte nye misjonsfellesskap for born, unge og vaksne med vekt på  bibelundervisning og misjon. Saman med mange engasjerte frivillige er vi ca. 20 tilsette som driver arbeid for store og små.

Forsamlinga har medlemar frå fleire kommunar på Søre Sunnmøre og tel  ca. 95 medlemar. Det er gudsteneste 3 søndagar i månaden der mellom  60-70  personar deltek. Arbeidet blant barn og ungdom har høg prioritet. Det er fleire mindre misjonsgrupper og foreiningar som er direkte knytt til forsamlinga.

Visjonen til forsamlinga er «Større enn oss».  Vi ynskjer difor å drive kristent arbeid slik at nye menneske kan bli kjent med Jesus Kristus, i nabolaga våre, i bygdene og gjennom internasjonalt misjonsarbeid. Volda har eit stort studentmiljø som vi ynskjer å ha kontakt med. Vi ynskjer å vere ei forsamling som veks i åndeleg kjennskap til Jesus og i antall medlemar.   

Nytt forsamlingslokale er under arbeid.

  

Vi søkjer no:

Pastor i Ørsta Volda Misjonsforsamling.

60% fast stilling med høve til utvida stilling med andre oppgåver i regionen.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Forkynning og bibelundervisning til barn, unge og voksne.
  • Utvikle og leie forsamlinga og knytte nye kontaktar i området.
  • Ha det daglege pastorale ansvaret for forsamlinga.
  • Samarbeide med styret, eldste og ulike komitear i forsamlinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Ha formidlingsevne og leiareigenskapar
  • Vere visjonær og kunne arbeide sjølvstendig.
  • Ha relevant teologisk kompetanse.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Kjennskap til Misjonssambandet er ein fordel

Krav om godkjent politiattest i samsvar med politiregisterforeskrifter/lover  §34 og 39

  

Vi føreset at søkjaren vedkjenner den kristen tru og kan identifisere seg med Misjonssambandets formål og verdiar i samsvar med «Verdidokument – Grunnlagsdokument for ansettelse i Norsk Luthersk Misjonssamband».

 

Vi kan tilby

Inspirasjons- og fagdagar

Varierte arbeidsoppgåver

Godt medarbeidarfellesskap

Lønn etter Misjonssambandets regulativ

   

For spørsmål eller informasjon kontakt konstituert regionleiar Steinar Dimmen, sdimmen@nlm.no.

    

Søknad, CV og referansar kan sendast til: sdimmen@nlm.no.

 

Søknadsfrist: 31.12.2022

Tiltredelse: Etter avtale

 

VIKTIG: Personopplysninger

Norsk Luthersk Misjonssamband er dataansvarlig for den personlige informasjonen du sender inn i søknaden din.

Når du søker på en stilling, aksepterer du at vi registrerer og samler inn de personlige opplysningene du gir oss i søknaden din. Vi kan dele søknaden med de involverte i rekrutteringsprosessen.

Vi beholder informasjonen til rekrutteringsprosessen er avsluttet, om ikke annet er avtalt.

Du kan be om innsyn i de personopplysninger Norsk Luthersk Misjonssamband har om deg. Du kan også kreve at vi retter ukorrekte opplysninger eller sletter informasjon om deg. Du har dessuten rett til å trekke tilbake samtykket til at vi behandler personopplysningene dine. Vi kommer da til å fjerne søknaden og slette personopplysningene som er forbundet med søknaden fra rekrutteringssystemet.

 

Ved å sende inn din søknad:

  1. Erklærer du at du har lest, forstått og akseptert retningslinjene ovenfor
  2. Erklærer du at opplysningene i søknaden din er fullstendige og riktige.
  3. Samtykker du til behandling og ivaretakelse av de innsendte opplysningene.