To menn smiler mot kamera

Rektor - Sygna videregåande skule

Sygna videregåande skule søkjer ny rektor frå 1. januar 2021.

Sygna vidaregåande skule er ein kristen, vidaregåande internatskule mellom fjord og fjell i vakre Balestrand i Sogn. Skulen er godkjent etter friskolelova. I dag har skulen omlag 50 tilsette og 175 elevar. Om lag 130 av elevane bur i skulen sine internat. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Me søkjer no:

Rektor

Me søkjer ny rektor frå 1. januar 2021. Rektor har det overordna ansvar for alt som skjer ved skulen (jf. ansvarsområda under). 

Den rette kandidaten er ein godt kvalifisert og tydeleg leiar som kjenner skuleslaget godt – og har syn og sans for den kristne friskulen. Me søkjer ein strategisk, klok og samarbeidsorientert leiar som deler og blir motivert av verdigrunnlaget til skulen.

Sygna sin visjon er: Det beste for eleven…alltid.

 

Ansvarsområde

  • Fagleg og pedagogisk leiing
  • Personalleiing og HTM
  • Undervising (ca. 30 prosent)
  • Skuleutvikling
  • Drift av skule og internat
  • Økonomistyring
  • Representera skulen overfor elevar, føresette, eigarar, styresmakter og samarbeidspartnarar

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning og formell kompetanse frå høgskule og eller universitet, og undervisingskompetanse frå den vidaregåande skulen
  • Pedagogisk leiarerfaring frå utdanningssektoren, og helst skuleleiarerfaring

 

Ein føreset at søkjar vedkjenner den kristne trua og kan identifisera seg med føremålet og verdiane til NLM (jf. Verdidokument for NLMs skoler)

 

Me ser etter deg som:

  • Er sjølvstendig, tilgjengeleg og synleg
  • Er visjonær og utviklingsorientert med gjennomføringskraft
  • Er inspirerande med ein involverande og tillitsskapande leiarstil
  • Er flink til å jobba i team
  • Er ein god kommunikator og har gode relasjonelle eigenskapar

 

Me kan tilby ein skule med:

  • Ei flott, variert og ressurssterk elevgruppe
  • Eit motivert personale med variert kompetanse, arbeidserfaring og alderssamansetjing
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Mål om å vere i framkant pedagogisk, sosialt og i det kristne arbeidet
  • Godt samarbeid med Sogndal kommune, Vestland fylkeskommune og dei andre NLMvgs-skulane
  • Bustad på skulen sitt område

 

Stilling og arbeidsstad

Rektor rapporterer til styret ved Sygna vidaregåande skule.

Skulen har internat for elevar og fleire tilsette bur på området til skulen.

 

Søknad

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju før endeleg innstilling. I den samla vurderinga av søkarane vil verdiorientering, erfaring, fagleg kompetanse og personlege eigenskapar telja.

Den som blir tilsett må legga fram politiattest.

 

For spørsmål knytt til stillinga, kontakt Lars Gaute Jøssang, styreleiar for Sygna vidaregåande skule på mobiltelefon 481 03 854 eller pr. epost lgjoess@online.no

 

Send søknad med CV til:

Styreleiar Lars Gaute Jøssang pr. epost: lgjoess@online.no snarast og innan søknadsfrist.

 

Søknadsfrist: 20.08.2020

Tiltreding: 1. januar 2021