To menn smiler mot kamera

Pedagogisk leiar - Tryggheim barnehage Vatne

Tryggheim barnehage Vatne i Ålesund kommune søkjer pedagogisk leiar/barnehagelærar i 100 % fast stilling.

Tryggheim barnehage Vatne ligg i Ålesund kommune. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM-barnehagene AS.

Visjon: «Sammen om å sette verdifulle spor»

 

Tryggheim barnehage Vatne søkjer etter:

Pedagogisk leiar/barnehagelærar

i 100% fast stilling, frå 01.08.20.

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjend barnehagelæararutdanning
  • Du må vere ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
  • ha god kommunikasjons- og formidlingsevne
  • vere relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
  • ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
  • ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)

 

Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har.

 

Vi kan tilby:

  • Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar
  • 5 ordinære avdelingar
  • Kjøkkenassistent i 100% stilling
  • Lønn etter PBL tariff

 

Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.

 

For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med styrar/dagleg leiar, Sigrid Høydalsvik Nevstad tlf.: 96948829

Info om barnehagen finn du på: tryggheimbarnehagevatne.blogspot.com

 

Send søknad og CV til:

NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne

Ulvestadvegen 4,

6265 VATNE

Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no

 

Søknadsfrist: snarast råd og innan 15.06.20.

Tiltreding: 01.08.20