To menn smiler mot kamera

Ungdomsleiar – Tryggheim vgs

Tryggheim vgs søkjer frå 1. august 2020 ungdomsleiar – inntil 100 % stilling

Tryggheim er ein kristen, vidaregåande skule på Nærbø, eigd av Norsk Luthersk misjonssamband. Skulen har plass til 500 elevar og har om lag 200 internatplassar. Skulen legg stor vekt på å skape eit aktivt, kristent ungdomsmiljø.   

 

Vi søkjer no:

Ungdomsleiar

Inntil 100 % stilling

  

Med hovudansvar for å

  • leie det kristne arbeidet ved skulen
  • vere leiar for skulen sitt miljøteam
  • tilby samtalar med enkeltelevar

 

Ungdomsleiarstillinga kan kombinerast med andre oppgåver på skulen.

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • teologisk bakgrunn – eventuelt erfaring innan ungdomsarbeid
  • evne til å organisere og administrere
  • fleksibilitet

Delar av arbeidstida er lagt til ettermiddag og helg.

 

Vi føreset at søkjar vedkjenner seg den kristne tru og kan identifisere seg med NLM sitt formål og verdier i samsvar med Tryggheim sitt verdidokument. Den som blir tilsett må ta del i dei sosialpedagogiske oppgåvene og det kristne arbeidet og aktivt kunne fremme målsetninga ved skulen.

       

Vi kan tilby ein skule med

  • ei flott, variert og ressurssterk elevgruppe
  • eit motivert personale med variert kompetanse, arbeidserfaring og alderssamansetjing
  • eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • mål om å vere i framkant pedagogisk, sosialt og i det kristne arbeidet

 

Den som vert tilsett må kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest, jf. Friskulelova §4-3.

  

For spørsmål eller informasjon kontakt

  

Søknad, CV og referansar kan sendast elektronisk til e-post: post@tryggheim.no, eller med post til:

Tryggheim skular

v/Gjermund Viste

Tryggheimvegen 13

4365 Nærbø

 

Søknadsfrist: 10/03/2020

Tiltreding: 01/08/2020