Tre damer som prater og ler.

Kjøkkenmedarbeidar Lyngmo Ungdomssenter, Hafslo

Lyngmo Ungdomssenter søker kjøkkenmedarbeidar i 40 % stilling.

Lyngmo Ungdomssenter er eigd av NLM region vest og Sogn og Fjordane Indremisjon (IMF) og driv leirarbeidet i Sogn på vegne av eigarane. Leirstaden har 6 tilsette: Dagleg leiar, 3 på kjøkkenet og 2 barne- og ungdomsarbeidarar som har ansvar for leirarbeidet på Lyngmo.

 

Vi søker nå

Kjøkkenmedarbeidar

Fast stilling i 40 %, frå 1. februar 2020

 

Lyngmo Ungdomssenter har 3 tilsette på kjøkkenet. Mykje av arbeidet gjerast i samarbeid med dugnadsfolk. Det vert ein del helgejobbing. Kjøkkenet på Lyngmo lagar mat til ulike arrangement med hovudfokus på leir- og familiearrangement. I tillegg er det noko selskap, samt sommardrift med frukost til turistar. Dei tilsette tek del i felles driftsoppgåver på leirstaden. Det er ikkje krav til utdanning og opplæring vil bli gitt etter behov.

Om du likar matlaging og samstundes ønsker å gje gjestene våre ei god oppleving, kan du være rette person for å ta del i «Team Lyngmo». Du deler også målet vårt for arbeidet og ønsker at barn og unge skal bli kjent med Jesus!

 

 Arbeidsoppgåver:

  • Matlaging/koking på arrangementa på Lyngmo
  • Samarbeid med frivillige medarbeidarar på kjøkkenet
  • Felles ansvar med resten av den faste staben for drift og vertskap på Lyngmo

 

  Kvalifikasjonar

  • Gode samarbeidsevner på tvers av generasjonar og evne til å sette andre i sving
  • Glad i å lage mat
  • God til å planlegge arbeidsdagen
  • Ryddig

 

Vi kan tilby:

  • En meiningsfull jobb i møte med deltakarar og gjester i alle aldrar.
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med Lyngmo sine retningslinjer

 

Arbeidsstad: Lyngmo Ungdomssenter, Hafslo i Sogn

 

Vi forutset at søker vedkjenner seg den kristne tru og kan identifisere seg med Lyngmo sitt formål og verdiar i samsvar med verdidokumentet vårt.

At søkaren er personleg eigna vil vektleggast.

 

Ønsker du en uforpliktande samtale om stillinga, eller ønsker meir informasjon? Kontakt dagleg leiar Lyngmo, Kjetil Stautland, lyngmo@lyngmoinfo.com tlf 97 18 45 71

 

Søknad med CV og referansar sendes til same adresse.

 

 Søknadsfrist: Snarast

Tiltreding: 1. februar 2020