Tre damer som prater og ler.

Barnehagestyrer - Øygarden

Ledig styrerstilling i NLM Barnehage i Øygarden AS.

NLM barnehage i Øygarden AS, Toftøy barnehage, er ein privat barnehage med utvida formålsparagraf som ligg på Toftøy i Øygarden kommune. Barnehagen er eit dotterselskap av NLM-barnehagane som består av totalt 35 barnehagar rundt i landet og 3 dotterselskap. Toftøy barnehage har 6 avdelingar med totalt 158 barnehageplassar.

 

Vi søker nå:

Barnehagestyrer

i 100 prosent fast stilling

  

Arbeidsoppgaver

Styrar har hovudansvaret for at heile barnehagen er ei trygg, innhaldsrik og målretta verksemd. Du skal leia dei tilsette, gje opplæring og kommunisere på ein engasjerande og inspirerande måte. Du skal ha både det pedagogiske og administrative ansvaret og vidareutvikle barnehagen i tråd med lover og føreskrifter. Styrar skal vera med å byggje ein sterk kultur og vera med å velje dei rette medarbeidarane til å forsterke den kulturen me vil ha. Den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagens kristne verdigrunnlag, vedtekter og instruksar, og arbeide for å fremja barnehagen sine målsetningar og verdiar.

 

Me ynskjer at du som skal vera vår styrar:

Har faglege ambisjonar og hjarte for det du driv med. Du må kunne kommunisere og ha gode formidlingsevner. Du er engasjert og har ei positiv haldning, du likar nye utfordringar og kan jobbe godt under press. Du identifiserer deg med NLM sine verdiar og strukturar, er systematisk og har auge for detaljar. Me treng ein positiv, initiativrik og løysningsorientert leiar.

 

Kvalifikasjoner

  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar eller førskulelærarar.  Styarutdanning er ein fordel.
  • Gode leiareigenskapar.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

    

Vi kan tilby

  • Lønn etter PBL sin tariffer

 

NLM barnehage i Øygarden AS er i gong med å bygge endå ein barnehage i Blomvåg, Øygarden kommune. Det vil vera tett samarbeid mellom barnehagane våre.

Barnehagen vert driven med utvida kristen formålsparagraf.

Sjå fullstendig utlysing på www.toftoybarnehage.no og www.nlmbhg.no

 

For spørsmål eller informasjon kontakt styrer Olaug M. Rong, orong@nlmbhg.no, tlf 954 93 601

  

Søknad, CV og referanser sendes:

Toftøy barnehage, Skulebrekka 31, 5337 RONG – epost: orong@nlmbhg.no

 

Søknadsfrist: 04. april 2019

Tiltredelse: 1. august 2019