Tildekket kvinne i bakgate

Nokon å vandre saman med

Ho er oppdratt muslimsk, men ho har vore kristen i to år – utan at familien veit om det.

«Ho som sit der framme har vore ein truande i to år, han i ei år og ho der borte med den stripete genseren, ho har vore truande i ei veke.» Ein av leiarane i den lokale kyrkja i landet forklarer. Eg er på gudsteneste i Nord-Afrika.

Etter gudstenesta kjem eg i prat med 19 år gamle «Saida». Ho har dongeri selebukse og raud genser. Ho er spinkel og ser yngre ut enn 19 år.

Saida er ivrig på å teste ut engelsken. Ho fortel at ho er oppdratt muslimsk, men ho har vore kristen i to år – utan at familien veit om det. Ho reiser i om lag ein time inn til hovudstaden for å gå på gudsteneste kvar laurdag. Utan at foreldra veit.

Vel heime i Norge tenkjer eg ofte på Saida og lurer på korleis ho har det. Og eg ber om at ho må bli bevart hjå Jesus.

 

Vere til stades

Norsk Luthersk Misjonssamband si målsetting i Nord-Afrika er å «vere til stades». Utsendingane våre skal vere til stade for dei som er på leiting, for dei som er åleine om trua si og for dei som ennå ikkje har høyrt om Jesus.

Ved å ha utsendingar i dette området kan slike som Saida ha nokre å vandre saman med.

Takk for at de er med i arbeidet!

 

Ønsker du å gi en gave til NLMs arbeid?

Da kan du klikke på knappen under, eller gi på Vipps #11548 eller kontonummer 8220 02 90 131 (mrk «sommergaven»).

Takk for at du er med oss i arbeidet med å gjøre evangeliet kjent!