Barn og voksen har vannkrig

Leirdag, førskulebarn - 1. klasse, Skilbrei

Dette er ein leir for førskulebarn og førsteklassingar med følge. På leirdag får ein oppleve leirlivet med samlingar, aktivitetar, leirkveld og nye vener.

Barna som kjem må ha med seg ein vaksen dei kjenner som er med heile dagen og deltek i programmet.

Det vert aktivitetar både ute og inne, kiosk, tid til fellesskap, og barna får bli kjent med kjekke leiarar som dei kan treffe igjen på seinare leirar.

På denne leiren skal Aud Marit Ramberg og Ingrid Friborg Hoffmann vere med.

Ta med:

Kle og sko til å vere både ute og inne, innesko om ønskeleg og masse godt humør!

Du kan også ta med pengar til kiosk, maks kr. 100,- per barn.

Det vil vere muleg å gje ei gåve til Ung Global (tidlegare Barnas Misjonsprosjekt).

Pris kr 250,- per barn og 350,- per vaksen.

Leirklubbrabatt er kr 150. Medlemskap i leirklubben kostar kr 100 per kalenderår.

Prisen vil stige med kr 100,- frå og med sju dagar før oppstart av leiren

Tidspunkt

Lørdag 4. mai 2024

Adresse

6975 Skilbrei